Ledig stilling ved Valdresmusea

Valdresmusea søkjer ein person til stillinga som avdelingsleiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Til stillinga følgjer det faglege ansvaret for drift og utvikling av instituttet, som har fem tilsette. Søknadsfrist fredag 15. januar 2016.

Valdresmusea er regionmuseum i Valdres med hovudsete på Fagernes. Valdresmusea skal drive og utvikle Norsk institutt for bunad og folkedrakt, i tillegg til dei tre museumsanlegga Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Valdresmusea har 25 heilårstilsette. Satsingsområda er bunad og folkedrakt, folkemusikk og folkedans, og bygningsvern.

Formålet med stillinga        
Avdelingsleiaren skal sikre at dei nasjonale oppgåvene ved instituttet blir gjennomført i tråd med gjeldande vedtekter, planane til Valdresmusea og instituttet og føringar elles frå Staten. Avdelingsleiaren inngår i leiarstaben ved Valdresmusea og svarar til direktøren. Økonomi- og personalarbeidet er lagt til administrasjonen ved Valdresmusea.

Ansvarsområde

Avdelingsleiaren skal drive det nasjonale bunad- og folkedraktarbeidet i samarbeid med ulike aktørar på feltet, i Noreg og i utlandet. Norsk institutt for bunad og folkedrakt har eit eige fagråd, Bunad- og folkedraktrådet, oppnemnt av Kulturdepartementet (KUD). Instituttet er sekretariat for Rådet. Norsk institutt for bunad og folkedrakt driv kompetanseheving innanfor ulike virkefelt og har formalisert samarbeid med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, NTNU.

Ansvarsområdet er formulert gjennom planane til Valdresmusea og instituttet, avtalen med KUD og elles andre styringsdokument som gjeld for verksemda. Avdelingsleiaren skal:

  1. arbeide for å verne, fremje og vidareføre bruk og framstilling av bunader og folkedrakter i Noreg, som uttrykk for kulturell identitet og berar av særeigne kvalitetar
  2. arbeide med dokumentasjon og forsking på bunad- og folkedrakttradisjonen i Noreg, som historisk fenomen og som kulturell ytringsform i eit moderne, komplekst samfunn 
  3. sikre dialog og samarbeid med ulike aktørar innanfor feltet, nasjonalt og internasjonalt: brukarar, tilverkarar, museum, produsentar, organisasjonar, universitet og høgskular.
  4. synleggjere arbeidet ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og elles formidle kunnskapen om fagfeltet, i dialog med medium og gjennom ulike kanalar og plattformer. 

 

Vi kan tilby

  • ei ansvarsfull stilling med stor verdi for norsk kultur- og samfunnsliv
  • deltaking i leiarteam og høve til å påverke utviklinga av verksemda
  • høve til personleg utvikling
  • eit hyggeleg arbeidsmiljø

 

Du bør ha evne til

  • analytisk tilnærming
  • grundig og strukturert arbeid
  • å kunne etablere og følgje opp system, planar, avtalar og prosjekt
  • god munnleg og skriftleg framstilling på bokmål og nynorsk
  • å vere synleg, kommunisere, bygge nettverk og etablere gode samarbeid

 

Din kompetanse

  • Høgare utdanning (hovudfag/doktorgrad) i kulturhistoriske fag
  • Erfaring frå museumsarbeid
  • God IKT-kunnskap

 

Praktiske opplysningar

Stillingsprosent: 100

Arbeidsstad: Fagernes 

«Landsovereinskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar» gjeld for Valdresmusea

Stillinga medfører reiser og feltarbeid

For opplysningar om stillinga:       
Har du spørsmål til stillinga og utlysingsteksten, kontakt direktør Ole Aastad Bråten, tlf. 907 63 635. Søknad med CV sender du til Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes eller til ole-aastad.braten@valdres.museum.no. Merk han «Søknad avdelingsleiar». Attestar skal berre sendast ved førespurnad.

Søknadsfrist: fredag 15. januar 2016

Aktuelt

2 nov 2018 12:00, Stormen bibliotek, Bodø

Forskingsprosjektet Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk har hatt som hovedmål å utvikle ein modell for å ivareta tradisjonshåndverk som står i fare for å døy ut. Korleis skal kunnskapen om håndverket leve vidare i framtida? Som case har montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne vorte dokumentera gjennom film.

Valget sto mellom Romsdalsbunad og Vest-Agderbunad da Mira Akselsdatter Systad fra Nittedal skulle bestemme seg for bunad til konfirmasjonen. Men så fikk hun øye på den rekonstruerte Vest-Agderdrakten. Da ble valget lett.

Institutt for bunad og folkedrakt har nå fått ny ledelse, og det er Camilla Rossing som overtar rollen som leder for faginstituttet, etter å ha arbeidet der som konservator siden 2008. 

Valdresmusea søkjer ein person til stillinga som avdelingsleiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Til stillinga følgjer det faglege ansvaret for drift og utvikling av instituttet, som har fem tilsette. Søknadsfrist fredag 15. januar 2016.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.