Program 2020

Her finn du programmet for Fagdagen 2020. For å overhalde smittevernomsynet går vi frå to dagar til ein dag i år, derav «Fagdagen» og ikkje «Fagdagane». Deltakarane kan likevel glede seg til ein sosial, fagleg og inspirerande dag.

Foto: Heidi Fossnes

10.00 Velkomen

10.15 Rekonstruksjon Ryfylket

Målfrid Grimstevdt og Eli Olsen vil gje dykk innblikk i arbeidet med ei av to historisk rekonstruksjonar. Begge bygger på den folkelege rokokkomota frå 1700-talet og syner fram den mangfaldige materialbruk frå kyststrøka våre.

10.45 -11.15 Rekonstruksjon Østfold

Kari Filberg og Bjørg Lundeby vil gje dykk innblikk i arbeidet med ei av to historisk rekonstruksjonar. Begge bygger på den folkelege rokokkomota frå 1700-talet og syner fram den mangfaldige materialbruk frå kyststrøka våre.

11.15 Pause

11.45 Husfliden og småprodusentene v/ Marianne Lakselv

Marianne Lakselv, dagleg leiar ved Norsk Fli, Husfliden Tromsø vil snakke om samarbeidet og samspelet mellom dei store og små produsentane og kor avhengige dei er av kvarandre.

12.30 Statssekretær i KUD, Gunhild Berge Stang (V)

12.45 Lunsjpause

13.45 Tine Solheim

Tine Solheim har utdanning frå det franske moteakademiet École de la Chambre Syndicale de la Couture Parisienne. Sidan 1982 har ho hatt sitt eige Atelier, Dolce Vita som sidan midten på -80 talet har vore ein attraktiv lærlingbedrift som har skapt eit utal kreasjonar, som spesialdesigna kjoler, brudekjoler og beltestakker i frå Telemark.

14.15 Samtale med publikum

14.40 Bunadbruk i Noreg på UNESCO-lista, Forankringsturne

Prosjektet Bunadbruk i Norge jobbar mot ein søknad til UNESCO om å søkje «bunadbruk i Noreg» inn på den representative lista over immateriell kulturarv. Ein særleg viktig del av søkeprosessen er å ha samtaler rundt bunadbruk fleire steder i landet. Vinteren 2021 vil det bli ein møteserie der dei inviterer alle med interesse i bunad om å bidra. Prosjektgruppa vil fortelje meir om møteserien, formålet og tidsrommet.

15.00 - 15.30 Jon Godal

Jon Godal er med og organiserer ei utstilling av om lag 30 gamle Nordmørsbåtar. Du ser at dei alle er laga i same distriktet, i den same båtbyggarskikke. Jon er svært opptatt av byggeskikk, kleskikk og dette sett i samanheng med handverk. Han er opptatt av at bunaden har si rot i bygdekulturen. På bygda rådde ikkje laugsvesenet for handverkarane. Her følgde du ikkje meisteren og laga det lovmessig riktige - på bygda arbeide du deg inn i tradisjonen, og den var ikkje skrive ned, den måtte du berre lære deg - arbeide deg inn i.

16.00 Takk for denne gong!

Aktuelt

Bunad er ei stor investering. Det er kostbart og mange legg også ned mange timar med arbeid i å sy bunad til seg sjølv eller andre. Då er det godt at ein gjer ei investering i noko som kanskje skal vare i 100 år?

Åshild er en dyktig husflidsdame. Hun er opptatt av å ta vare på bunadstradisjonene i Nordfjord spesielt, og i hele landet generelt. Selv er hun fra Troms, og sydde sin første bunad da hun var 25 år. Den gangen fikk hun låne prøvelapper på broderiet fra Husfliden i Bodø, og gikk i gang med håndarbeidet etter «selvlæringsprinsippet». Det ble en flott Nordlandsbunad!

2 nov 2018 12:00, Stormen bibliotek, Bodø

Forskingsprosjektet Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk har hatt som hovedmål å utvikle ein modell for å ivareta tradisjonshåndverk som står i fare for å døy ut. Korleis skal kunnskapen om håndverket leve vidare i framtida? Som case har montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne vorte dokumentera gjennom film.

Valget sto mellom Romsdalsbunad og Vest-Agderbunad da Mira Akselsdatter Systad fra Nittedal skulle bestemme seg for bunad til konfirmasjonen. Men så fikk hun øye på den rekonstruerte Vest-Agderdrakten. Da ble valget lett.

Kontakt

For spørsmål, kontakt post@husflid.no. Det er Norges Husflidslag, med våre ansatte og vårt nettverk, som svarer på spørsmål. Om vi ikke kan svare, videreformidler vi kontakt..

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.