Fekk bunad i sjokoladeplata

Å finne gullbillett i sjokoladeplata skjer ikkje bare på film. Som Roald Dahls Charlie, vann Verdiana Marianne Øhra (37) frå Oslo storgevinsten. For henne var premien å finne hos Almankås i Bø.

Foto: Vann bunad. Verdiana Marianne Øhra frå Oslo valde seg vest-telemarkbunad frå Almankås da ho fekk vinnarlodd i Freia og Norges Husflidslags kampanje. Tove Haugen på systova hos Almankås er glad for at ho valde bunad laga i Bø. 

I vinter lanserte Freia og Norges Husflidslag kampanjen «Kom kyra!», eit samarbeid der heldige sjokoladekjøparar kunne vinne bunad til ein verdi av 40.000 kroner. Som i Roald Dahls historie «Charlie og sjokoladefabrikken» blei vinnarlodda lagt inn i sjokoladeplater og spreidd rundt i landet. Blant fire millionar sjokoladeplater var det åtte med bunadspremie. Ein av dei dukka opp heime hos Susanne, stemor til Verdiana.

– Veslebror min skulle ta seg ein sjokoladebit, men da han opna pakka var det noko rart med sjokoladen. I staden for mjølkesjokolade fann han ei plastplate som sa «mø», fortel Verdiana og ler.

I sjokoladen låg gladmeldinga om at dei hadde vunne ein valfri bunad. Sidan Susanne alt hadde bunad, gjekk gevinsten til Verdiana. Ho hadde ikkje bunad frå før.

Italiensk-norsk

– Eg blei kjempeglad, fortel ho med stjerner i augo.

Ho valde seg bunad frå Vest-Telemark. Stemor hennar har ein hundre år gamal bunad frå Vest-Telemark og den har Verdiana fått låne nokre gonger .

– Den er utruleg fin. Beltestakken er fin og veldig populær, men eg synest vest-telemarkbunaden er den finaste av alle, seier Verdiana.

Dei siste åra har ho fått meir forståing for bunadstradisjon. Verdiana har mor frå Italia og far frå Vestfold, og har budd det meste av livet i Italia. For seks år sidan busette ho seg i Noreg. Nasjonaldagen i Oslo med alle bunadane blei ei ny oppleving.

– Eg var med på 17. mai-feiring på ambassaden i Roma, men det var noko heilt anna å oppleve det i Noreg, seier Verdiana.

Anbefalte Almankås

Dei åtte bunadane folk har vunne i sjokoladeplater, blir betalt av Freia. Norges Husflidslag brukar si ekspertise og sitt nettverk når vinnarane skal velje bunad og få dei laga. Det fyrste som skjedde etter at Verdiana fekk vinnarloddet, var eit besøk hos Norges Husflidslag der ho fekk rettleiing. Husflidslaget anbefalte henne å dra til Almankås i Bø da det blei klart at ho ynskte seg bunad frå Vest-Telemark.

– Ho kunne velje fritt kven som skulle lage bunaden, så det er stas at ho kom til oss, seier Tove Haugen, leiar av systova hos Almankås.

Tre turar har det blitt til Bø, ein for å ta mål, ein for å prøve bunaden undervegs og ein for å hente det ferdige resultatet. Det siste skjedde måndag, da ein lykkeleg vinnar fekk prøve den ferdige bunaden for fyrste gong.

Norsk handverk

Målet med kampanjen er å sette fokus på norsk handverk og tradisjon, enten det gjeld sjokolade eller bunad. Initiativet kom frå Freia, og direktør i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen, synest kampanjen er ein fin måte å sette fokus på norsk kulturarv. 

– Mjølkesjokolade blir laga av norsk mjølk og bunader er handarbeid produsert i Noreg. Bunad er kanskje den viktigaste vara me har når det gjeld norsk kulturarv, seier Jacobsen.

Leverandørar av vinnerbunadane er, i tillegg til Almankås i Bø, Husfliden i Skien, Tromsø, Ålesund og Bergen, samt bunadsprodusentar i Trøndelag og Rogaland.        

For Verdiana er det viktig at bunaden er handarbeid laga i Noreg og i heimfylket til bunaden ho har valt. Tove Haugen kan opplyse at det har vore åtte personar involvert i produksjonen av bunaden, frå påteikning og klypp til montering, brodering og veving.

For Verdiana har besøka hos Almankås vore ei oppleving.

– Det har vore fint å vera her, sjå staden og systova og prosessane fram mot ferdig bunad. Den er laga med kjærleik, seier Verdiana Marianne Øhra, som gler seg stort til 17. mai i eigen bunad.

Aktuelt

Bunad er ei stor investering. Det er kostbart og mange legg også ned mange timar med arbeid i å sy bunad til seg sjølv eller andre. Då er det godt at ein gjer ei investering i noko som kanskje skal vare i 100 år?

Åshild er en dyktig husflidsdame. Hun er opptatt av å ta vare på bunadstradisjonene i Nordfjord spesielt, og i hele landet generelt. Selv er hun fra Troms, og sydde sin første bunad da hun var 25 år. Den gangen fikk hun låne prøvelapper på broderiet fra Husfliden i Bodø, og gikk i gang med håndarbeidet etter «selvlæringsprinsippet». Det ble en flott Nordlandsbunad!

2 nov 2018 12:00, Stormen bibliotek, Bodø

Forskingsprosjektet Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk har hatt som hovedmål å utvikle ein modell for å ivareta tradisjonshåndverk som står i fare for å døy ut. Korleis skal kunnskapen om håndverket leve vidare i framtida? Som case har montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne vorte dokumentera gjennom film.

Valget sto mellom Romsdalsbunad og Vest-Agderbunad da Mira Akselsdatter Systad fra Nittedal skulle bestemme seg for bunad til konfirmasjonen. Men så fikk hun øye på den rekonstruerte Vest-Agderdrakten. Da ble valget lett.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.