Kvinnemyter avkledd, og kledd på att.

Mette Karlsvik omskriv eller skriv oppå eksisterande tekstar om mytologiserte kvinner eller kvinneroller. Verktøyet er dei same som også grunnlagsmanusa er lagd av: Det å la stemmer bli høyrde. Det å forholde seg til ein tradisjon, stå på skuldrene av han, og rope ut - med ein litt annan stemme. Det er å gi stemme til dei som ikkje blir høyrt så ofte. 

Dottera

Hatt? 

Hadde eg berre hatt panamahatt, 

då kunne hatten ha vore lurvet og rynkete

hatt heimevevne ullband og spenne av sylv. 

Det vert fint. 

Det vert lunt. Han toler regn, panamahatten. 

Men berre vent til sommaren!

 

Hadde eg berre hatt filthatt, 

ein som dei brukar i Eksingdalen. 

Han toler regn, filthatten, og høver 

kvendes drakt. Så vent berre til sommaren!

 

Hadde eg berre hatt frygehjelm med diadem, 

og møttull med hermelinskant. 

Hadde eg hatt drakt

med tettfalla skjøyt bak, og stort forkle av silke. 

Trådar av gull og sylv. 

Nappar av sylv, ikkje tinn: 

 

Dette kostar mange pengar. 

 

Hatt? 

Nei, berre vent til sommaren. 

Då flettar eg håret i to, 

nei fire fine fletter

som lykkjer nedetter ryggen. Runde, små lappar har vi, 

som eg festar til håret med knappenåler; ikkje sylv, 

men likevel blanke, fine nåler. Og ein holk har vi

av fint metall, og enno finare arbeid. Fine fingrane til mor mi

legg flettene nedetter ryggen 

som var dei filligransarbeid. 

 

Fritt etter Hulda Garborgs Norsk Klædebunad

Hans’ Grete

Smale saumar held skogen saman. 

Sting for sting, tråklar spora skogen saman. 

Spora blir stiar blir det som held meg saman. Så tungt

han har tråkka, Vaktaren. Har han beksemsstøvlar

eller slagsstøvlar: Slag på slag, sting han hol i humus og leire. Kor er skogsvaktaren. 

Kva om eg ikkje finn han. 

Kva om eg finn han

og finn at han ikkje er ein vaktar. Kva om han som eg trur vaktar meg, vaktar

seg? Kva om han som er sett til å passe på ikkje passar på. Kva om eg blir førd bak lyset. 

 

Pust inn, ein, to, tre på tre på tre. Tre og tre syst saman av skugge. 

Kva om eg fører meg sjølv bak lyset. Kva om det er noko i meg som ikkje vil 

meg sjølv vel. Kva om det i meg som skal passe på meg ikkje vil meg vel. 

 

Fantasi hindrar meg frå å gå meg vill. Fantasien er vill

men ikkje galen. Styreslaus, men ikkje galen. Fantastisk, faktisk. Fantastisk

som skogen er vill. Skogen er styreslaus. Men er han galen? Fantastisk, faktisk. Fantastisk. 

 

Så tråkkar eg i spora etter skogens vaktar. 

Gjer spora djupare, stiane meir tydelege

for han som kjem etter meg. 

Medeas meddelande

Er du klår. Ser du  klårt. 

Ser du heile deg. 

Kjennest kroppen heil. 

Kjennest huda heil. 

Kjenner du at du vaksen blir, 

at du blir kvinne.

 

Sett haka fram!

Vis meg leppene, 

varm tanga, og brenn håret! 

Smør dette over huda: 

Raudt på kinna, 

raudt på leppene, 

og så strammar vi livet inn.

Du passar inn!

Du flyt rett inn!

Håret flyt.  

Hoftene flyt.

Le! Ja, no er vi to nær kvarandre. 

Og når vi to er så nære, 

så er du ikkje berre heil. 

Du har også med deg litt frå meg:

Gå frå meg, 

ta med smilet

og dei mjuke lokkane, hoftane

ut. 

Foto: Arne og Hulda Garborg på Østerdalstunet på Norsk folkemuseum. Nasjonalbiblioteket.

Aktuelt

Bunad er ei stor investering. Det er kostbart og mange legg også ned mange timar med arbeid i å sy bunad til seg sjølv eller andre. Då er det godt at ein gjer ei investering i noko som kanskje skal vare i 100 år?

Åshild er en dyktig husflidsdame. Hun er opptatt av å ta vare på bunadstradisjonene i Nordfjord spesielt, og i hele landet generelt. Selv er hun fra Troms, og sydde sin første bunad da hun var 25 år. Den gangen fikk hun låne prøvelapper på broderiet fra Husfliden i Bodø, og gikk i gang med håndarbeidet etter «selvlæringsprinsippet». Det ble en flott Nordlandsbunad!

2 nov 2018 12:00, Stormen bibliotek, Bodø

Forskingsprosjektet Immateriell kulturarv og tradisjonshåndverk har hatt som hovedmål å utvikle ein modell for å ivareta tradisjonshåndverk som står i fare for å døy ut. Korleis skal kunnskapen om håndverket leve vidare i framtida? Som case har montering av Vest-Telemarkbunad til kvinne vorte dokumentera gjennom film.

Valget sto mellom Romsdalsbunad og Vest-Agderbunad da Mira Akselsdatter Systad fra Nittedal skulle bestemme seg for bunad til konfirmasjonen. Men så fikk hun øye på den rekonstruerte Vest-Agderdrakten. Da ble valget lett.

Kontakt

For spørsmål, kontakt post@husflid.no. Det er Norges Husflidslag, med våre ansatte og vårt nettverk, som svarer på spørsmål. Om vi ikke kan svare, videreformidler vi kontakt..

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.