Folgefonn husflidslag: Skautfelling

Tolmod, presisjon, stivelse og mengdetrening er viktige stikkord for å redda det raudlista handverket skautefelling.

Folgefonn husflidslag, Bu og Ringøy bygdekvinnelag og Hardanger folkemuseum på Utne – alle heimehøyrande i Ullensvang herad, har gått saman i eit felles prosjekt for å redda det raudlista handverket skautefelling.   

Eldraudt handverk

-      For Folgefonn husflidslag var det ikkje tvil om kva handverk som er «typisk Hardanger» og som står mest i faresona. Det er berre ein skautefellar att, og ho har pensjonert seg, fortel leiar Åslaug Eikrem Utne, som sjølv gjerne vil læra handverket.

– Det har vore prekært i fleire år og museet har fått mange førespurnadar om felling, fortel Agnete Sivertsen, styrar for Hardanger folkemuseum og Agatunet.

Ho er glad det no er ei opning for å prioritera denne tekstile teknikken - og for at  det er interessa lokalt for å føre skautefellinga vidare.

– Me har og trong for å felle opp att skaut i samband med skikken med Jonsokbrudlaup for born, fortel dei to.

Pensjonert

Ingebjørg Byrkjeland (84) i nabokommunen Kvam er den siste erfarne skautefellar. Ho vil dela kunnskapen i von om at handverket kan overleva.

Det er fleire som har prøvd seg, utan at nokon arvtakar til det spesielle handverket har fått så mykje trening at dei  kan tilby felling av skaut. Representantar for prosjekt skautefelling,  har vore hjå Byrkjeland for å høyra, sjå og prøva seg i kunsten.  Dei freista samstundes å dokumentera prosessen med film og foto.

Å skauta er det heller ikkje mange som kan, men nett det er ein annan skål. No er det fellinga – eit handverk med røter attende til renessansen - som skal førast vidare. Utan skaut, inga skauting.

Kunnskap i nye hender

- Det er viktig å putte kunnskap inn i nye hender. Og felling er grunnlaget, seier museumsstyraren som vonar fleire vil bruka skaut og slik heidra kulturarven.

Husflidslagsleiaren er samd – også i at skautet er prikken over i-en på hardangerbunaden. Men  ho har korkje skautet eller bunaden sjølv.  Ho brukar nordmørsbunad  frå heimdistriktet sitt. Men med tre døtrer (og ein son), kan det jo henda ho får bruk for dugleik i felling på heimebane …

Skautefelling krev stor nøyaktighet, tålmod og mengdetrening.

– Eg trur det er viktig å ha eit miljø rundt dette, seier Åslaug Eikrem Utne. Ho ser for seg  ein base på museet med lokale der skautefellarar både kan jobba, utveksle erfaringar og hjelpa kvarandre.  Museet kan og vera formidlingssentral for bestillingar, seier ho.

Prosjektgruppa går breitt ut i starten og inviterer til kurs. Det er vanskeleg å spå kor mange som knekk koden og som vil halda fram med handverket. Søknadar om økonomisk stønad til prosjekt skautefelling er sendt, og fleire gode sponsorar  har allereie meldt at dei er med på redningsaksjonen for det eldraude handverket. Sparebankstiftinga Hardanger har løyvd heile 100 000 til prosjektet med budsjett på 300 000 kroner.

Fall for felling

Christin Åkvåg  Duesund frå Lysekloster fatta interesse for dei særprega skauta då ho studerte bunadtilvirkarfag og tekstilkultur.

På ei vitjing på Valdres folkemuseum, hang fleire hardangerskaut på utstilling – ho vart fascinert - og fann   tema for  semesteroppgåva på Tekstilkultur ved Vestnorsk kulturakademi: Å fella seg eit skaut ....

Ho ynskte innføring i teknikken og ville dokumentera framgangsmåte og prosess. Samt sjå på framtidsutsiktene for skautet. Dette er eit godt døme på  handlingsboren kunnskap, og tradisjonsberar Ingebjørg Byrkjeland delte villig av si kunne til studenten.  Semesteroppgåva er no eit godt grunnlag for dei som vil læra seg  kunsten.

Åkvåg Duesund har si eiga systove – Tråbeinten, der ho tilbyr bunadsaum, inkludert full hardangerbunad. Men sko, sylv - og skaut - må du ordna sjølv.

– Skautefelling krev eldsjeler, konstaterer ho som sjølv brenn for det særprega handverket og skautet.

Hendene hennar er diverre ikkje lenger samarbeidsviljuge  til slikt presisjonsarbeid, men ho vert med som motivator og rettleiar når fellekurset kjem i gang.

I oppgåva si peikar ho på at konene før i tida hadde mange skaut, til ulik bruk. Til kvardags hadde dei gjerne grovare skaut med færre fellingar. Dei finaste – til fest og høgtid, kunne ha opp til 300 feller.

Framtida

Det er ikkje enkelt korkje å få tak  i rett stoff eller rett stivelse - eller å banka elastisiteten ut av pianostrengane så dei fungerer som gode fellepinnar.

Det er ein kunst alt i hop -  som krev sine handverkarar og tradisjonsberarar.

Det er berre ein (pensjonert) fellar att -  men det er von i hangande snøre. Og museet sine handverkarar har laga fellebrett. Det skal ikkje stå på utstyret.

Hardangerskautet:

Hardangerskautet høyrer til rundt Hardangerfjorden, der ein før hadde to slag felte skaut; Kvammaskaut (frå Kvam) som sat på  høgare og rundare valk enn Sørfjordsskautet, og låg lenger fram og tettare inntil hovudet.

I dag er det Sørfjordsvarianten som har  nemninga Hardangerskaut. Det har breiare og lågare valk, og skautet er ikkje så tett sett langs hovudet, men ligg meir langs øra og med lenger tilbaketrekt front.

Utgangspunktet for skautet er eit kvadratisk stykke stoff 80-90x80-90 cm, utan jarekant, som vert bretta i tre, og altså felt (plissert) med hjelp av stivelse og fellepinnar. Om prosessen er suksessfull, vil skautet kvelva seg som breen Folgefonna …

Måleri og fascinasjon:

Mor Utne, (Torbjørg Johannesdotter Utne (1812-1903)), vertinne på historiske Utne hotel, er ei av dei mest kjende skautekånene frå Hardanger. Eilif Petersen måla henne,   originalen heng i Nasjonalgalleriet,  kopi heng på hotellet på Utne.

W.M. Williams har skrive om sitt møte med med Mor Utne og hardangerskautet  i boka «Til fots i Norge for hundre år siden, Oslo 1965): «Det var valuta for pengene, og for dagens reise, å se det kunstverk som ble båret på hodet av vertinnen. Det var en mektig oppbygning av hvit batist eller tynnere stoff, lik den jeg har fortalt om før, men meget mer storartet. Den store buen på toppen sto til værs som en påfuglehale, og i stedet for å bæres oppe ved hjelp av metaltråd eller spanskrør, holdt den sig selv ved hjelp av stivelse og et vidunder av komplisert krusning. Jeg tror det kalles slik, hvis ikke ville jeg prøve en annen betegnelse, og kalle det pipning. Hele denne umåtelige hodestas var skinnende hvit, og i full harmoni med stasjonens renhet».

Litteratur:

  • Gudrun Stuland: «Hardangerbunaden før og no»
  • Aagot Noss :  «Krone og Skaut».
  • Christin Åkvåg Duesund: «Å fella seg eit skaut 

Alle foto: Mette Bleken

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.