Hodelin til Trønderbunad

Skaut er ein vesentlig del av Trønderbunaden, og Stjørdal Husflidslg har valgt å arbeide med hodelin/skaut til Trønderbunad - og med fylgande kvitsaum som kan brukast til flere andre ting enn skaut.

Ut fra oppleveldsen av bruk/manglende bruk av skaut til Trønderbunaden kjenner ein behov for å gjøre kjendt korleis lage dette, gi opplæring i å sy skaut og gjerne å gjere det meir alminnelig. Laget ynskjer å sjå heilheita i bruk av bunad. Skautet/ hodelinet er en del av bunaden som gjer bunaden heil.

Det er eit veldig fint arbeid som ligg til grunn for dette hodelinet. Kvitsøm med enkel og dobbel uttrekkssøm, klostersøm, austmannarenning. Under skautet er det ein »valk» trekt med rødt stoff, som held skautet litt opp fra hodet og gjer at saumen kjem godt til syne.

Stjørdal Husflidslag har flere år hatt kurs i sying av bunad. I den forbindelse kjenner ein at skautet og er ein vesentlig del av det heile

Skautet har vert lite brukt den seinere tid, som med andre hovudplag til bunad i det heile. Dette er ikkje noko som gjeld spesiellt for Trøndelag. Ein kan tru at skaut/ hovudplgg til bunad i det heile er i ferd med å forsvinna.

Denne typen skaut var først brukt i Selbu. Då var det brukt som brurplagg. Skautet blei seinere brukt som stasplagg på dåpsbarna under dåpen. Hodelinet er en del av trønderbunaden. Ein kan spekulera i at brura nok måtte sy seg skaut før ho gifte seg. Det var truleg ein del av førebuingane til giftarmålet.

Material

  • Skautet er sydd på linstoff 13 tråder pr.cm.
  • Sydd med lintråd nr.50 til austmannarenning
  • Lintråd nr 35 til klostersømen.
  • Lintråd nr 40 til den enkle uttrkkssømen.

Verktøy

  • Kanamanål uten spiss.
  • Spiss lita saks.
  • Broderiring.
  • Bivoks til tråden.

Fremgangsmåte

Dersom ein ikkje er godt inne i arbeidet med kvitsaum, er det å anbefale å sy prøvelapp før ein set i gang med sjølve skautet. Det er greit å få teknikkane inn i fingrane før sjølve arbeidet vert igangsett.

  1. Ein startar med klostersaumen over 4 trådar som blir sydd rundt der den dobble uttrekssaumen til hovedmønsteret skal komma. Det er å anbefala å sy denne frå vranga. Det er lettare å la nåla følgja i trådretninga. Klostersaumen blir og javn og fin på denne måten.
  2. Ein startar ca 5cm inn på stoffet. Dette med tanke på at ein skal ha plass til broderiringen når ein kjem vidare med arbeidet. Breidden på feltet for den dobble uttrekssaumen er avhengig av mønsteret som skal fyllast inn.
  3. Det neste er å starta å klippa opp rutemønsteret. Her må ein vera kjempenøye. Har ein først klippt ein tråd feil. Kan det medføra at feilen vil følgja framover. Klipp dei første to trådane nermast klostersaumen. Hopp over to trådar – klipp to trådar  fotsett slik til du er kommen til ende i tverrstykket på uttrekssaumen. Rekk ut trådane eit stykke «oppover» feltet. Ikkje for langt om gonga.
  4. Så blir det å klippa trådar den andre vegen for å få rutene. Her gjeld det samme. Kjempenøye !  Dei to første trådane ved klostersaumen – hopp over  to – klipp to igjen. Fortsett eit stykke «oppover». Ikkje for langt. Undersøk stadig at klippinga går rett for seg.
  5. Så blir det å starta arbeidet med å sy botnen til utrekssaumen. Her må broderiringen tas i bruk.Ein startar i det venstre hjørnet. Syr eit kast over dei to første trådane. Stikk nåla under krysset mellom linjene eit kast under neste trådgruppe.
  6. Når botn for utrekssaumen er unnagjort blir det å fylla ut sjølve mønstermotivet. Dette arbeidet starter midt på skautet for å få motivet riktig plassert og lik eins på begge sider.Det er stopping over og under rutene som dannar mønsteret.Mønsteret må fylgjast nøye. Her er det og fare for at feil kan fylja framover.
  7. Vidare blir det å sy austmannarenning over tre trådar rundt heile skautet heilt innåt klostersaumen og vidare rundt.. Vidare ein ny runde med austmannarenning 9 trådar utafor den første.
  8. Her skal det gjerast klart for enkel uttrekkssaum (Amborshol!). Klipp opp og trekk ut trådane mellom austmannarenningane.
  9. Som ellers i uttrekking til uttrekssaum, drar ein ut trådar berre eit lite stykke om gonga.
  10. Det som no står igjen av broderingar, er 5 kvadrat dobbel uttrekssaum i dei to «bakre»  hjørna. Botn til den dobble uttrekssaumen blir gjort lik eins som den til hovedfeltet. Her blir 4 felt fyllt med «spinel» i kva 2.rute. Det 5. feltet får og i stopping. Mellom desse 5 felta er det sydd austmnnarenning.
  11. Tre cm frå ytterste rad austmannarenning klipper ein bort det resten. Falden blir sydd med holfald i same rad som austmannarenninga rundt skautet.

Tekst og foto: Berit Nøkleberg Morken og Kjellaug Krogh Moksnes

1

2

3

4

5

6

7

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.