Smettvev i Sogndal

Raudlista: Smettvev, rutesmett, rutevev. Kjært barn har mange namn, men like fullt står teknikken i fare for å gå i gløymeboka. Dette vil Sogndal Husflidslag prøve å hindre. Vevar Anne Britt Lotsberg har no lært teknikken vidare til fleire av medlemane.

Foto av Sølvi og Eva i Sogndal Kulturhus (Oddrun Midtbø): - Me vil ha meir merksemd på smettvev, seier Sølvi Liv Einevoll Fimreite og Eva Ramstad og syner fram eit flott åkle som heng i Sogndal Kulturhus. Mange stader er åkle brukt som utsmykking på offentleg kontor, hotell etc. Utforsk ditt eige nærmiljø og sjå om du finn åkle i smettvev.

Årsaka til at laget valde smettvev til Raudlista, er at denne teknikken har vore mykje brukt i regionen. Fjærland i Sogndal kommune var kanskje den bygda der det vart vevd mest smettvev for over hundre år sidan. Anne Britt Lotsberg kjem opphavleg frå bygda, og er ein av dei få i landet som har smettvev som næring i dag. Ho etablerte Lotsberg Vevatelier i Eid kommune i 2000. Der vever ho, tek imot bestillingar og håper å halde fleire kurs i smettvev.

Hotellarbeid og veving

– Alt som er i ruter, er mogeleg å veve i smett. I Fjærland har denne måten å veve tepper, løparar og puter på, gått i ubroten tradisjon i fleire hundre år, fortel Lotsberg, som har gått i lære hjå vevarar med over 80 års erfaring.  

Det tradisjonsrike Hotel Mundal i Fjærland, har hatt stor betydning for handverket. Jentene som arbeidde på hotellet var tilsette for heilårsdrift; hotellarbeid om sommaren og veving av åkle om vinteren. Åklea vart selde til sommarturistane som kom til bygda, eller eksportert til mellom anna USA.

Innsamling av mønster

Før Lotsberg kom i gang med vevinga for alvor, fann ho fram rutepapir og teikneblyant, og byrja å teikne av mønstre. Ho starta med samlinga til bestemora, etter det gjekk ho frå gard til gard og teikna det ho fann. Det same gjorde ho på Hotel Mundal. No rommar samlinga over 400 mønstre, sirleg samla i tre ringpermar.

Sjølve teknikken

- Smettvev er ein slyngteknikk som er mest brukt i åkleveving, også kalla ruteåkle på grunn av det geometriske mønsteret som blir brukt. Det er ein teknikk som tek lang tid, fordi ein må bruke dokker til innslag og plukke/smette dei gjennom renninga. Trådane skal slyngast om kvarandre, slik at det ikkje skal bli hol i veven. Bindinga til ruteåkle er lerret. Mønsteret er teikna på rutepapir, der kvar rute har eit vist tal renningstrådar. Rutene skal bli kvadratiske, så ein må ha innslag etter tal trådar renning i kvar rute. Norsk rutevev skal vere lik på begge sider, og er difor vanskelegare å veve enn skånsk rutevev, som slynger trådane om kvarandre på kvart innslag, fortel Lotsberg.

Oppstadvev er den beste veven for smettvev. Biletvevramme og flatvev er ikkje like godt eigna.

Åkle til kvar ein anledning

Åklea vart mykje brukt til sengeklede, men også ved spesielle høve som ”kristnateppe” ved dåp, brureåkle til bryllaup eller likåkleet som dei la på kista. ”Larkeåkle” var snakk om gjenbruk; utslitne klede vart karda opp att og blanda med ull. Av dette garnet vov dei både smett- og randåkle. Dei vart gjerne brukte som hestedekken og over halmen i senga.

I leitinga fann Lotsberg åkle som hadde gjort jobben som sengeteppe, deretter som hestedekken, og som til slutt hamna som vern mot kulden i potetkjellarar. Etter kvart som ein kunne kjøpe det ein hadde behov for, vart bruken endra. Åkle vart i tidlegare tider mykje brukt som sengeteppe og som ”isolasjon” på veggane, men også som dekorasjon; å «tjelda veggane». Sogn og Fjordane Husflidslag registrerte og systematiserte over 5000 åkle i eit prosjekt for rundt 10 år sidan. Desse er no utgitt i tre hefter med mønstre.

Viktig å spreie teknikken

- Når me først har valt smettvev til Raudlista, forplikta det, seier Sølvi Liv Einevoll Fimreite, leiar i Sogndal Husflidslag. – Me arrangerte først helgekurs, der Anne Britt lærte vekk teknikken til seks påmelde. Deretter har me hatt ein husflidstur til Lotsberg Vevatelier. Laget har planar om å installere ein oppstadvev på vevstova, som er i bruk kvar torsdag. 

Les meir:

  • ”Produktiv tradisjonsbærar”. Artikkel av Berit Solhaug, Norsk Husflid, nr. 5 2015.
  • ”Raudlista. Handverksteknikkar”. Sogn og Fjordane Husflidslag, s. 28-31. 2014.
  • ”Åkle i Sogn og Fjordane”. Eva Ramstad, Sogn og Fjordane Husflidslag. Skald 2005.
  • ”Vevkunst på oppstadvev”. Artikkel av Aud Ross Solberg. Årbok for Sogn, 1997. 
Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.