SPIKKING AV RIVETINDAR

Rive var tidlegare eit svært sentralt og heilt nødvendig arbeidsreiskap på alle gardar og bruk. Utan rive var det nærast umogleg å få samla vinterfôret til husdyra.

Riva vart brukt både til å rake saman graset før hesjing og til å berge dei siste restane av tørrhøyet inn i løa. Ei rive var også god å ha i hagen. Før midten av førre århundre var rivene laga av tre. Etter at plastrivene kom på marknaden vart det etter kvart heilt slutt på å bruke treriver.

Eit kjært reiskap

Ei trerive består av eit skaft på eit rivehovud med tindar i. Tindane var utsatt for stor slitasje og måtte skiftast ofte. Å spikke rivetindar var ein vanleg kveldssyssel for både vaksne karar og smågutar.

Arbeid med rive og rivetindar er breidt skildra og omtalt både i målarkunsten og i litteraturen. Kunnskapen om korleis ein lagar ei trerive er nå på det næraste gått tapt.

Gløymd handverk

Dette var bakgrunnen for at Fron Husflidslag ville sette i gang eit prosjekt med spikking av rivetindar som raulisteteknikk. Vi hadde ein visjon om «Kvar gard si trerive» og «Ingen tindelause river på Fron».

Etter ein del leiting fann vi fram til ein pensjonist som kunne handverket: Iver Bjerkehagen frå Sør-Fron. Han tok på seg å vera lærar på rivetindspikkingskurs

Kurs

Kurset blei halde over to kveldar med eit par vekers mellomrom. Det møtte til saman ni personar på kurskveldane, frå dei totalt «blanke» til kuratorar frå Maihaugen.Det var svært gledeleg at det kom både 

kvinner og menn.

Kurslæraren hadde på førehand kappa ca. 1,5 – 2 cm tjukke og ca. 14 cm lange emner. Emnene var av hegg, eit treslag med stor styrke og lett tilgang. Det kunne også vore einer. Det var viktig at emnene var heilt turre, slik at dei ikkje krympa.

Det var tidlegare brukt eit spesialreiskap til å svi koniske hol til tindane i rivehovudet. Dette reiskapet hadde korkje læraren eller nokon av kursdeltakarane, men læraren hugsa korleis det såg ut. 

Framgangsmåte

Tindane blir først spikka omtrent jevntjukke med den største diameteren på holet i rivehovudet og spissa mot den eine enden. I andre enden skal det spikkast ein fals som blir liggande utanpå rivehovudet etter at tinden er slått inn. Tinden må spissast mot denne falsen slik at den passar i holet. Arbeidet må gjerast svært nøyaktig, da tinden ikkje kan vera for tjukk, samstundes som den må vera tjukk nok til ikkje å falle ut att. Når alle tindane er på plass skal dei kappes i same lengde og avrundas i tuppen.

Fleire hadde med seg gamle river med manglande tindar, og ein av deltakarane hadde laga eit heilt nytt rivehovud.

Til andre kurskvelden hadde også kurslæraren laga eit rivehovud. Dette laga deltakarane kvar sin tind til, som dokumentasjon til husflidslaget.

Det vart også laga nye tindar til alle dei gamle rivene. Noen av deltakarane laga tinder i påvente av nye rivehovud.

Vidare plan er å lage fleire rivehovud og sette skaft på dei. Det er også planen å få i stand eit samarbeid med historielaget og arrangere ein spikkedag på bygdatunet, der vi ber inn heile bygda for å spikke rivetindar. Da kan barn og vaksne arbeide side om side og lage seg funksjonelle og miljøvenlege river i tre.

Vi synes det er svært viktig å trekkje fram att denne gamle kunnskapen, ikkje minst med tanke på dagens plast- og forsøplingsproblematikk. Det er også eit enkelt handverk som nesten alle kan mestre, det blir ferdig på nokså stutt tid og det fører fram til eit produkt som kan nyttast i praktisk arbeid og som svært mange har bruk for.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.