Veving i bandstøre

I Rauland Husflidslag har Eli Vesaas og Sigrunn Lie Brattekås (Tokke) arbeidd med dokumentasjon av veving i bandstøre.

Sigrunn Lie Brattekås skriv om bandstøre:

Bandstøra har stort sett blitt bruka i Vest-Telemark og i øvre Setesdal. I Setesdal blir denne reiskapen kalla bandvevrei. Bandstøra og bandvevreia ser stort sett like ut. Prinsippet for oppsetting og bruk er for så vidt også det same, men nokre forskjellar finn ein. Ein av dei er at bandstøra har vanlege skiljepinnar, medan bandvevreia har skiljeband (Valle Bygdekvinnelag: Rette klede i Setesdal, s.53). Når du byrjar å veva, er plukketeknikken den same for bandstøre/bandvevrei og grind. Mønsteret blir plukka ved hjelp av ein bandkniv. Men enkelte brukar berre fingrane når dei plukkar. Det er ikkje godt å seie kor gamal denne reiskapen er, men Aagot Noss seier han verkar alderdomleg.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.