Vinnarsokken

Vinnarsokken er strikka og designa av Synnøve Smedhus (2016).

Materialforslag:

  • 2 trådsgarn av grå trøndersau frå Selbu Spinneri (100 g lys farge, 100 g mørk farge)
  • Tasseladd frå Rauma Ullvarefabrikk (100 g lys farge, 50 g mørk farge til liten damesokk).

Pinner:
Strømpepinne 2,5 og 3

Strikkefasthet:
22 cm=10 cm (Tasseladd)
Legg opp 48 m på p 2,5 med lyst garn. Strikk vrangbord 2r, 2vr i 10 omg eller til valgt lengde.

Skift til p nr 3 og strikk mønsterbord "bylgjer", se diagram. Plukk opp 1m ekstra i starten av 1. p.

Diagram, "bylgjer":

Tom rute= mørk farge
x= lys farge
Skift til p 2,5 og str 1 omg r med lys farge. Plukk opp 1 m i slutten av 4. pinne.

Strikk "stjernehimmel" slik:

  • omg lyst garn, *1r, 1vr*
  • omg mørkt garn, *1r*
  • omg lyst garn, *1vr, 1r"
  • omg mørkt garn, *1r*

Gjenta disse 4 omg til ønska lengde til hæl.

Hælkile:

Plukk opp 1 m i begynnelsen av 1. p (dette blir midt bak). Str r, annankvar m med lyst og mørkt garn, i alt 12 m. Flytt dei 2 siste m over frå 1. p til 2. p. Snu og strikk tilbake på vranga dei 12 m og 11 m frå 4. p. Løft over dei to sist m til 3. p. Snu og strikk på rettsida. Ta alltid laust av vrangt den første m i kvar farge.

*Str ein runde fram og attende. Strikk som vanleg, men plukk opp 1 m på kvar side av midtm og skift farge i midtm*. Gjenta frå * til * til du har 27 m i kilen. Str fram og attende ein ekstra gong utan å plukke opp ekstra m midt bak. 

Felling under hælen:

Begynn på rettsida, strikk 18 m, snu og str 9 m tilbake (hugs å ta laust av vrangt den 1. m i kvar farge). Str fram og attende på same måten og i kvar omg. str du 1 m meir enn i forrige omg. Når det står att 2 m, str du beint ut i kvar av dei to siste omg. 

Avslutt hælkilen midt under hælen og gå over til å str striper under foten herifrå. Plukk opp 7 m på kvar side av kilen. Str desse vridd r. Løft tilbake 1 m frå kvar av p med "stjernehimmel" til pinnane under foten. Str saman 2 m annankvar omg i lsutten av 1.p og byrjinga av 4. p til du har 13 m på kvar p. Fortsett å str "stjernehimmel" over vrista og striper (berre r m) under foten til ønska lengde av sokken.

Felling:

Eg har valgt å felle til ein høgresokk og ein venstresokk, men det er berre smak og behag som avgjer dette. 

Høgresokken: Str annakvar m med lyst og mørkt garn heile omg rundt, felling på høgre side. På vrista ved vesletåa: Str 1 m r, str 2 m vridd saman, fortsett rundt til siste p, og når det står att 3 m på denne, strikk 2 m r saman, str den siste. Venstresokken felles på venstre side. 

Fell slik kvar omg til du har 36 m. Str 2 og 2 m saman heile omg rundt. Strikk dei vekselvis vridd og rett saman, slik at du får mørke m over lyse, og omvendt. Fell ikkje den siste/første m ved stortåa. Dra begge trådane gjennom dei siste 8 m. Fest trådane på vranga. 

Ein kan lage ei lita hempe øvst i kanten av brangorden, til dømes med endetrådane fra starten. 

Sokkane treng ikkje vaskast ofte. Heng dei til tørking og lufting etter bruk.

Oppskrifta sto på trykk i Norsk Husflid nr. 3 2017.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.