3 hederstegn i gull!
Astrid Hausberg, Laila Person Haugland og Aud Brügger Bjånesøy fikk Norges Husflidslags hederstegn i gull med diplom.
Heidersteikn i gull med diplom ble tildelt på Hordaland Husflidslag sitt årsmøte 2009 på Austevoll. Huftarøy Husflidslag feira samtidig 30 års jubileum.
Astrid Hausberg: Ho har vore medlem av Huftarøy Husflidslag sidan laget vart skipa i 1979 og har i mange år hatt ulike styreverv. Ho har vore med og fylgt opp kvaliteten i laget og dei årlege julemessene som har blitt gjennomført i snart 25 år. Ho har elles vore med å sluttføra arbeidet med registrering av Austevoll bunaden som vart tilrådd av Bunad og folkedraktrådet for over 20 år sida. Seinare også helgedagsklede frå Austevoll. Vidare har ho vore kursleiar i liv, stakk og trøye for at fleire skulle få kunnskap i korleis bunadane skal saumast. Ho har også vore bunadsprodusent.
Laila Person Haugland: Ho har fungert som eit lokomotiv for Huftarøy Husflidslag i mange år. Ved årsmøtet i januar 2009 trekte ho seg frå leiarvervet som ho har hatt i 25 år, men varsla at eit aktivt medlemskap uansett vil halde fram. Laila har vore pådrivar for det meste: Ho har sytt for regelmessige, hyggelege og fagleg interessante medlemsmøte. Ho har vore med på å utvikle Austevollsbunaden som er tilrådd av Bunad- og folkedraktrådet, og var med og stifta butikken Austevoll Husflid, (populært kalla Husflidskrokjen) få år etter oppstartinga av lokallaget. Føremålet var å skaffe råvarer til lokale produsentar og omsetje varene deira. Butikken, som er den einaste i sitt slag i kommunen, fungerer som ein viktig møteplass og som ein kulturinstitusjon. For Laila har det vore ein sjølvsagt ting å trø til overalt der Husflidslaget har sett i gong aktivitetar. Det finst neppe ein dugnad Laila ikkje har vore med på. Det vere seg den årlege julemessa, eller kurs for barn i strikking og broderi, eller loddsal, eller dugnad på gamleskulen (møtelokala våre), for å nemne noko.
Aud Brugger Bjånesøy: Ho var med og stifta Huftarøy Husflidslag i 1979. I tospann med Laila må ho tilskrivast stor del av æra for at Austevoll 30 år etter har eit høgst vitalt husflidslag. Aud har gjennom alle år hatt ulike styreverv, mellom anna som leiar og studieleiar. Ho er og blant dei få som har gjort ein stor innsats for å få fram ikkje berre austevolls bunaden, men og helgedagsklede. Dette er tradisjonsrike vadmelsklede som er vakre, praktiske og gode å bere på kroppen. Dei var nærmast gått i gløymeboka, men fekk eit nytt liv mellom anna på grunn av Aud sin innsats. Det er ikkje få Austevollingar som har fått sydd seg helgedagsklede dei seinare år.
Butikken vår, Husflidskrokjen, har ikkje hatt andre fast tilsette enn Aud. Ho har såleis vore Husflidslaget sitt ansikt utad. Imøtekomande og velvillig overfor kundane, og lite krevjande på eigne vegner. Aud har i alle år arbeidd gratis annankvar laurdag og på det viset sytt for at butikken har klart seg økonomisk. Aud har år etter år vore aktiv i julemessestyret; og er det snakk om dugnad kan me vere sikre på at Aud stiller opp.
For flere bilder, klikk på "bilder" på Hordaland sin side.