Kva er dette?
Her er ei lita nøtt til lesarane våre. Ein kunde kom inn i Husfliden i Ålesund med denne reiskapen og lurte på kva dette er. Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal vart spurt, men sjølv ikkje ho kunne hjelpe.
Reiskapen er ca 15 lang og det tjukkaste røret er hult. Hullet kommer ut i enden av trehandtaket. Veit du kva for slags reiskap dette er, så send oss ei melding på e-post. Vi bringer det vidare til Husfliden i Ålesund.
Oppdatering 26. mars:
Vi har fått nokre gode tips, sjå berre:
Marit Elvekrok, Luster, meiner det ser ut som ei quiltenål med skaft, medan Margit Bredesen, Grue, skriv:
Hvis jeg hadde eid redskapen, ville jeg ha brukt det til å markere og lage hull til søm av lærarbeid. Det ser noe "hjemmelaget" ut. Det er mange slike patenter hos håndverkere.
Frå Anne Opsahl Andersen i Asker fekk vi denne meldinga:
For meg ser det ut som en pinne som brukes for å lage nupereller.
Solveig Orstad Teigen på Dovre har kanhende løysinga til slutt? Ho skriv til oss:
Eg meinar at eg har vore borti slik nål, trur til og med at eg har ei, ein eller annan stad. Om det stemmer, så blir den brukt til å lage løkkeflate med, på ferdig vevd tekstil. Metallrøyret kan stillast, og dermed kan ein regulere storleiken på løkkene. Då eg var skulejente, var eg ofte på besøk hos ei dyktig dame, som laga mange flotte tekstilar til huset sitt, i den teknikken.