Du er her: Husflid.no / Husflid / Husflid Norge rundt / Sogn og Fjordane / Gull til Bjørg

Gull til Bjørg

Gull til Bjørg

Bjørg G. Hovland frå Luster er tildelt Norges Husflidslag si ”Gullnål med Diplom”. Utmerkinga fann stad under 40-års markeringa og årsmøtet til Sogn og Fjordane Husflidslag.

 

I samband med 40-årsjubileet ønskte fylkeslaget å heidre ein av sine dyktige medlemmer, og søkte Noregs Husflidslag om å få tildele ”Gullnål med Diplom” til Bjørg G. Hovland.

Leiar Dagrun Johanne Hesjevoll, tildelte utmerkinga under festmiddagen laurdag kveld. Hovland, som den aktive dama ho er, var oppteken med årsmøte i Norsk folkedraktforum, og ho vil såleis få utmerkinga overrekt seinare på året – i ei anna festleg samkome.

 

I grunngjevinga seier Sogn og Fjordane Husflidslag følgjande:

 

Bjørg G. Hovland har vore meir engasjert i kulturarbeid enn dei fleste. Husflid, handverk og tradisjonar står hennar hjarta nær. Dette har ho drive med i heile sitt liv, som privatperson og som aktiv medlem i diverse organisasjonar. Ho har vore/er leiar i Luster Bygdekvinnelag, Luster Husflidslag, Dale sokneråd/fellesrådet, Dale skulemusikk, styremedlem i Luster sogelag.

Mange stader har ho teke initiativ til utstillingar, prosjekt m.m., som til dømes Fotoutstilling, Bygdebøker og dåpsklede. Ho har også ansvaret for ”Brudestasen” til Luster Bygdekvinnelag.

 

Bjørg driv registreringsarbeid av gamle bunads- og draktskikkar frå Indre og Midtre Sogn.

Alle hugsar vel OL på Lillehammer, der Sissel Kyrkjebø opna seremonien i ei flott festdrakt, det første rekonstruerte eksemplaret som er i Luster bygdekvinnelag si eige -ilag med bruresølvet.

Hovland har rekonstruert fleire draktplagg, og ho syr bunader. I tillegg driv ho informasjon/kursing i bunadsaum og hovudplagg. Ho er dyktig og kunnskapsrik i dei fleste teknikkar innan tekstil, og er ofte inspirator og læremeister på møta i det lokale husflidslaget og andre stader. Ho driv registreringsarbeid og dokumenterer arbeidet sitt, skriv artiklar i både fagblad og bøker. Er bidragsytar i årboka til Sogn Historielag, der ho har vore med i skriftstyret.

Om sommaren har ho utstilling, der ho fortel både om lokalhistorie og bunadshistorie.

No i kulturminneåret er bunadsdokkene hennar representerte i ei vandreutstilling, som Norsk folkedraktforum står bak. Dette forumet samarbeider tett med det statlege Bunad og Folkedraktrådet. Bjørg Hovland har fråsegn frå dette organet, at arbeidet hennar er i samsvar med originalmateriale.

 

Bjørg G. Hovland mottok Luster Kommune sin kulturpris i 1996.

Sogn og Fjordane Husflidslag ser på ho som ein svært verdig kandidat til denne utmerkinga.

 

 

Bjørg Hovland

Bjørg G. Hovland er tildelt Norges Husflidslag si ”Gullnål med Diplom”. Ho er ein verdig kandidat, slår styret i Sogn og Fjordane Husflidslag fast. Her ser vi Bjørg i bunaden ho har rekonstruert for Indre Sogn.

Foto: Sogn Avis