| Kontaktperson: | Kathrine Berg | Hjemmeside: | |
| Telefon/mobil: |
57 86 06 45 | E-post: | |
| Postadresse: |
Postboks 152 | Besøksadresse: |
Eidsgata 42 |
| Produktområde: | Gullsmed |
Kathrine Berg gjekk ut frå gullsmedlinja ved Bergen Yrkesskule i 1996 med bestått meget tilfredsstillande på sveinebrevet sitt. Ho starta for seg sjølv i heimkommunen året etter, og har drive eigen verkstad med utsal på Nordfjordeid i 10 år til våren. Ho lagar mest smykke i sølv, og legg stor vekt på at folk skal kunne får noko dei kan vere åleine om. Gjerne på bestilling... På heimesidene hennar kan du finne ein smakebit av det ho lagar.
I september 2006 var Kronprinsparet på besøk i kommunen, og Kathrine var så heldig at ho fekk helse på dei (sjå NRK.no). Då nytta ho sjansen til å gje dei kvar sin ring. Desse ringane er svært populære, og interessa har tatt heilt av etter at dei kongelege fekk sine ringar. Det er enkle sølvringar, der det står ord på utsida som sluttar på ring. Eit artig ordspel, som egnar seg veldig godt som gåver. Der er over 650 ord på lista hennar, så alle kan finne noko som passar for den einskilde. Kronprinsessa fekk "Beundring" og Kronprinsen fekk "Integrering". Lista finn du på www.bergart.net. Der er også påbegynt ei liste med engelske ord...