Årsmøtepapir AAHL
Arendal og omegn var vertsskap for nok eit gildt årsmøte i Aust-Agder husflidslag si historie.
Her finn du nytt frå fylkesstyret i 2011 - om fylkesleiarmøtet, om pågande arbeid og ikkje minst litt om årsmøtet vi skal gjennomføre i Arendal 26.mars 2011.
AAHL styremøte 12jan2011.doc 60,50 kB
Styremøtet 12. januar 2011
Styret var samla hos Edle i Lillesand denne gongen og der vart vi gjennsidig oppdatert om kva som hadde skjedd sidan sist. Over kaffekoppane var jubileumsmarkeringa til Husfliden i Arendal rosa!
I sjølve møtet vart det orientert om fylkesleiarmøtet, og om nær føreståande møte og tiltak.
Ikkje minst var årsmøtet den 26 mars tema og vi førebudde oss til dette.
Fylkestyret endte med at siste møtet dette året måtte gjennomførast som telefonmøte.
Vi tok opp det som hasta mest- dvs å få avklåra årsmøte og årsavslutning.
referat AAHL des 2010.doc 22,50 kB
Invitasjon til jubileumsmarkering i Husfliden i Arendal lørdag 13.november.
Butikken vår markerer 75 år tradisjonsrike år!
Dette er vår felles stolthet som medlemmer og eiere av egen butikk!
Det feires med håndverksdemonstrasjoner, gode tilbud og sjølsagt kake og kaffe.
Følg med i avisene for program og kampanjetilbud....
Invitasjon 75 år.pdf 143,95 kB
Velkommen til jubileumsmarkering - Husfliden i Arendal fyller 75 år
Se invitasjon nedafor - og følg med i Agderposten fram mot helga. Der blir det opplyst om både program og kampanjetilbud. I mens sett av dagen og forbered/inviter med deg familie og venner til å ta turen til byen denne lørdagen! Start gjerne julehandelen da?!
Innspurt på medlemsavisa, jubileumshefte og forberedelser til den store jubileumsfesten!
referat styremøte 13 sept 2010.doc 54,00 kB
Referat frå styremøte 13. september 2010 AAHL
Innspurt på medlemsavis, jubileumshefte og oppkjøring til jubileumsfesten vår!
Husfliden i Arendal lyser ut stillinga som dagleg leiar/ butikksjef!
Vi skal vidareføre våre stolte bunadstradisjonar med eiga systove - men vi skal og fornye oss.
Butikkstyret søkjer etter ny leiar til å vere med å løfte oss over i ei ny fase saman med dei 9 tilsette.
Vi satsar både på bunaden som basis men og utvikling av nye produkt med god design, kvalitet, identitet og inspirasjon frå tradisjonshandverk og kulturarven i sør. Er du den - eller kjenner du den vi er på leit etter - så tips vedkommande!
Her finn du stillingsutlysinga. Mrk at søknadsfristen er 23. sept 2010
stillingslysing.pdf 108,35 kB
Første styremøte etter sommarferien bar preg av at no dreg vi i gang att med førebuinar av husflidshausten!
Vi håpar fleire har bilete og stoff til både medlemsavis og jubileumsskrift . Vi må sfoffet frå lokallaga snaras for å gå i trykken i tide! I jubileumsheftet ønskjer vi å presentere lokallaga sin aktivitet siste 10 år og breidda i det som føregår i frå kyst til indre bygder...I medlemsavisa litt om det som rørar seg av aktivitetar i laga hausten 2010.
Referat AAHL 10 aug 2010.doc 55,50 kB
Fylkesstyret har fokus på jubilumsmarkering - og planlegging av fylkeslaget si 85års runding,, butikken si 75 års- og mororgansiasjonen si 100 års feiring. Det har og vore ein travel vår i høve eigarskapet i butikken vår.
ref 21juni AAHL.pdf 30,44 kB
Referat AAHL 31.mai.doc 36,00 kB
ref- styemote AAHL 19 april 2010.pdf 120,36 kB
Styret har konstituert seg
Styret konstituerte seg 19.april. Sjå kontaktinfo på heimesida om fordeling av verv osb.
Styret fordelte og ansvar for ulike oppgåver framover - m.a. Lotteri-gjennomføring, representasjon på Fylkesleiarmøte i juni. Vi minnar om at lokallaga gjerne må kome med bilete frå dei siste 10 åra til jubileumsheftete vi vil gi ut i haust. Vi ber og om stoff til medlemsavisa innan 1.august. Neste styremøte finn stad 31.mai.