Husfliden i Arendal lyser ut stillinga som dagleg leiar/ butikksjef!
Vi skal vidareføre våre stolte bunadstradisjonar med eiga systove - men vi skal og fornye oss.
Butikkstyret søkjer etter ny leiar til å vere med å løfte oss over i ei ny fase saman med dei 9 tilsette.
Vi satsar både på bunaden som basis men og utvikling av nye produkt med god design, kvalitet, identitet og inspirasjon frå tradisjonshandverk og kulturarven i sør. Er du den - eller kjenner du den vi er på leit etter - så tips vedkommande!