Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Aust-Agder Husflidslag / Nyhetsarkiv / Festlyden var samla på Holmen Gard 16.oktober 2010. Styreleiar i Norges Husflidslag gjesta Aust-Agder!

Jubileumsmarkeringa vel overstått !

Marie Thygesen - vertinne og velkomstkomite...

Festkomiteen med Margaret Skorpen, Marie Thygesen, Edle Gulløy Larsen og Jonny Vindfjell hadde skipa til ei flott feiring. Østre Agder spelmannslag spela då vi kom til gards. Under middagen var det både korinnslag, frå Gjerstad, og kåseri med Øyvind Bjorvatn. Det var og helsingar frå Tromøy bygdelag, Arendal husflidslag, Grimstad husflidslag og Fjellgardane husflidslag. Styreleiar i NH, Anne LIv Tønnesen, hadde festtale. Det vart overrekt blomehelsing frå fylkesordførar Laila Øygarden. Signe Sollien Haugå hadde helsing for fylkeslaget til dei tilsette ved Husfliden som og var feira som 75-års jubilant. Elsa Lien Nilsen høgterte og minna Signe Ruthlin som runda 100 år sist sommar og nyleg gjekk bort. Wenche Valle runda av bordsetet med å orientere om Holmen Gard si historie og med forteljingar om sentrale personar i tid då Norges Husflidslag kom hit.