Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Aust-Agder Husflidslag / Nyhetsarkiv / Vår eigen butikk fyller 75 år!

Husfliden i Arendal jubilerer 13.november 2010

Vår eigen butikk fyller 75 år!

Det skal vi feire med reale jubileumstilbod - demonstrasjonar av godt handverk - og sjølvsagt med kaker og kaffe som høyrer med i bursdagslag! Vi håpar mange av våre medlemmar tek turen til sin eigen butikk laurdag 13.november.

"Litt ditt-" slagordet høver og her - i tillegg til vårt eige " Vi selger varige gleder!"

Kan hende er dette dagen for å starte årets julehandel og? Ta med familie og vener til eit triveleg møte med Husfliden!