Litt om fylkeslaget
Kontoret er i Holmedalsgården 3, nordre bygg nr. VIII E i 3. etg. på Nikolaikirkealmenningen, Bryggen i Bergen.
Fylkeslaget har sekretær/kasserar i 50% stilling. Kontordagar er tirsdag, onsdag og fredag, men les gjerne inn melding på telefonsvarar (55316460) eller e-post hordaland.husflidslag@c2i.net
Aktiviteter:
Vestnorsk Kulturakademi.
Nye studie er klare for opp start . Kikk på bilda og sjå litt av kva studentane i Tekstilkultur får læra og vera med på i bildearkiv til venstre. Eller besøk nettsida deira www.kulturakademi.no
Jubileumsutstilling 2010.
I høve N.H. sitt 100 års har alle dei lokale husflidslaga i H.H. laga ein jubileumsutstilling der dei presenterer laget sitt. Utstillinga er på dei gamle "konsulentrammene", gjenbruk, der kvart lag har fått ei ramme.Det er meir opplysingar i brev i filarkiv til venstre om rammebetingingane. No er det lagt ut bilder av alle rammene i bildearkivet. Halve utstillinga står no utstilt i Husfliden Bergen as i mai og andre halvpart i juni.
Handsverksmessa i Jondal 25.- 27.juni 2010.
Leiar i Hordaland Husflidslag Britt Mari Hesjedal stod for den offisielle opninga av årets handverksmesse.
På fredag var styremedlemar saman med næringskonsulenten med og delte ut "Diplom for godt handverk" frå Norges Husflidslag til Dreiebuo i Rosendal v/ Knut Riise.
Hordaland Husflidslag sine styremedlemar hadde aktivitetsdag for barn på laurdag. Mange barn og unge fekk laga seg hoppetau på reperbane og snorer på slyngestokkar.
Landsmøte til Norges Husflidslag i Oslo 10.-13.juni 2010.
Sjå bilder frå alle aktivitetane og utstillingane i bildearkiv til venstre.
Barnas festspel onsdag 2.juni 2010.
Sjå bilder frå dagen i bildearkiv til venstre.
Tradisjonen tru, Hordaland Husflidslag i saman med husflidskonsulenten markerte barnas festspel ved å spikka seljefløyter utanfor Husfliden Bergen as.
Aktivitetsdagar på Husfliden Bergen as. 27. - 29. mai.
Sjå bilder frå alle tre dagane under bildearkiv til venstre.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Hordaland Husflidslag, Sogn og Fjordane Husflidslag, Husfliden Bergen as og Norges Husflidslag sine husflidskonsulentar frå begge fylka. Aktivitetsdagane går over tre dagar. Heile arrangementet er eit av fleire jubileumsmarkeringar vi har i høve 100 års jubileet til Norges Husflidslag.
Torsdag 27. mai. Tema er strikking og hekling.
Kontstrikk (rutestrikk) der ein kan få læra å strikk fram og tilbake utan å snu arbeidet. Strikking for ungdom. Enkle modellar som luer og sjal i moderne garn.Hekling for ungdom/alle. Ruterhekling som kan monterast saman til vesker og andre plagg.Strikk for småbarnsforeldre. Modellar og oppskrifter på ullbukse, babymodellar av luer, sjal og labbar og enkle hentesett.
Fredag 28. mai. Tema er barn og unge.
Demonstrasjon av slyngestokk som vi lagar snorer og band på. Demonstrasjon av reparbane, snordreiar der vi lagar hoppetau på. Demonstrasjon av Kumi himo. Ein japansk måte å laga fine snorer på.
Laurdag 29.mai. Tema er bruredrakter.
Påkleding og pynting av 8 brurebunader /drakter. Det vert også demonstrasjon av teknikkar som er knytt til bunad, som fletting og påknyting av sokkeband, veving på grindvev og strikking av flosskant på luer.
Historiske data frå 1895 - 2010
Historiske data frå 1895 - 2010 over leiarar i Hordaland Husflidslag (tidlegare Vestlandske Husflidslag), dagleg leiarar i Husfliden Bergen, N.H. utmerkelsar i fylkeslaget, sekretærar og andre styreverv som fylkeslaget har og konsulentar i fylke. Dette finn du under filarkiv til venstre.
Hordaland Husflidslag hadde årsmøte på Bjørnefjorden Gjestetun i Os helga 19.-21.mars 2010. Det vart ei flott helg der vi feira tre jubile. N.H. 100 år, H.H. 115 år og Os Husflidslag 70 år. Det er lagt ut bilder frå årsmøte, festen og medarbeiderkurset i bildearkivet.
Tidlegare aktivitetar:
Mange av dei tidlegare aktivitetane ligg det bilde av i bildearkiv til venstre og likeeins referat frå årsmøta og medarbeidarsamlingane frå dei siste åra under filarkiv og årsmelding til venstre på sida..
Vestnorsk Kulturakademi
Hordaland Husflidslag har ein representant i styret til Vestnorsk Kulturakademi på Voss. Nye studiar i Tekstilkultur, Byggeskikk og bygningsvern og Matstudie startar opp no i januar/februar 2010. Studieplanar og søknadsskjema finn du på nettsida deira. Søknadsfristar fram til studiestart, men så raskt som råd er ynskjeleg. Besøk nettsida deira her
Kultur- og næringskonsulent i Hordaland
Kultur- og næringskonsulent i Hordaland er Janniche Ryssdalsnes. Hun er ansatt i 80% stilling av Norges Husflidslag, og samarbeider med Hordaland husflidslag. Hun holder til i Bredsgården 2. etg. på Bryggen, og har mobil 90 55 63 40.
Historien
6.februar 1895 vart "Husflidsforeningen for Bergen by og stift" skipa. I 1913 vart namnet endra til "Bergens Husflidsforening". Vestlandske Husflidslag vart skipa i 1938, og Bergens Husflidsforrening vart då oppløyst og gjekk inn i det nye laget. I 1970 vart laget delt i to fylkeslag, desse laga er Hordaland husflidslag og Sogn og Fjordane Husflidslag.
Historien om dei fyrste 50 åra i laget er skriven av Magnus Aarø i boka Vestlandsk husflid gjennom 50 år. I skriftet Til arbeidets ære, som kom ut til 75-års jubileet, er det òg med eit historisk attersyn, skrive av Agnethe Mohn. I Boka Flid og Flørt har Åsmund Lien skrive om dei siste25 åra fram til 100-årsjubileet i 1995. Boka Flid og flørt kan ein framleis få kjøpa ved å henvenda seg til fylkeslaga. Pris er no kr 75,-. Husfliden i Bergen vart også skipa i 1895 og var eigd av ovannemnde lag. I 1997 var Husfliden i Bergen aksjeselskap der aksjane er likt delt mellom Hordaland Husflidslag og Sogn og Fjordane Husflidslag.
|
|
|
|
| Husflid Norge rundt: |