Hordaland Husflidslag hoppa tau på kultur og idrettskonferansen.
Den 34. fylkeskonferansen for kultur og idrett med tema:Kultur og idrett som samfunnsutviklar vart arrangert på Thon Hotel Bergen Airport 4.-5.november. Hordaland Husflidslag saman med husflidskonsulenten deltok og hadde aktivitet i førekant av konferansen og i alle pausane på onsdag. Aktiviteten var å laga hoppetau på reparbane og dela ut desse for å hoppe tau i pausane. Ordførar i Bergen Gunnar Bakke var ein av dei heldige som fekk seg hoppetau av leiaren vår. Vi ville visa at handverk kan koblast med idrett og laga hoppetau og hoppte! Vi viser til Nasjonalforreninga for folkehelse sin Petter puls aktivitet.