Jubileumsutstilling på rammer.
Alle lokallaga i Hordaland Husflidslag har fått kvar si ramme for å presentera laget sitt på. Ramma hadde dei med på årsmøte helga 19.-21.mars og det vart ein flott utstilling i møterommet, eller ein kan seia at det vart ei flott ramme rundt møtet. Rammene skal vera i fylkeslaget ut året og vi vil prøva å få dei stilt ut saman på egna plassar. Husfliden i Bergen vil vera ein av plassane, men her nokre om gongen. Laga vil få rammene tilbake etterpå til vidare bruk i laget.