Landsting til Norges Husflidslag 2010. 100 års jubileum.
11.-12.juni var det Landsting til Norges Husflidslag i Oslo. Her vart det også markert 100 års jubileet på fleire måtar. Fredag vart handverkarutstillinga "Hjerters fryd - husflid til begjær" opna. Seinare på dagen var det bunadsparade frå Grand Hotell til Operaen. Her var det omvising og ein liten utstilling av handarbeid av Kirsten Flagstad. Turen gjekk vidare til Oslo Rådhus der vi såg tre utstillingar: "Grenseløse veggskap", "Våre bunader - folkedrakter på vandring" og "Bord, dekk deg". Etterpå var det motakelse av ordførar i Oslo, Fabian Stang. Det vart deretter omvisning i Oslo rådhus.
Laurdag var det forutan landsmøte, aktivitetar for barn og unge (voksne og) i spikersuppa. Seinare på kvelden var det festmiddag der Dronning Sonja deltok. Dronninga er organisasjonen sin høge beskyttar.
Designerparet Arne og Carlos fekk tildelt N.H. høgaste utmerkelse under middagen.