Vevtog til Bergen 25.-27. september 2009
Program for vevtoget helga 25.-27.september 2009.
Vevtog 25.-27.09.2009
Program
Fredag 25.september:
Kl.14.52: Toget kjem frå Oslo
Kl.15.00: Vi går til Grand Hotell Terminus for innsjekking (rett bak stasjonen).
Kl.15.30: Sein lunsj. Kald tallerkenrett vert servert i Brasseriet på Grand Hotell Terminus.
Kl. 16.30: Felles avgang til Bryggens Museum. www.bymuseet.no
Kl.17.00: Velkomne til årets vevtogdeltakarar.
Kl. 17.30: Foredrag v/ cand. real. Ellen Schjølberg om dei tekstile funna under utgravingane
på Bryggen.
Kl. 18.30: Kaffi og skillingsbolle.
KL.19.00: Omvising i Bryggens Museum.
KL.20.00: Besøk på Husfliden as.
Laurdag 26.september
Kl.08.45: Vi møtest utanfor hotellet, klare til busstur til Hillesvåg Ullvarefabrikk. www.ull.no
Kl.09.00: Avgang med 2 bussar.
Kl.09.45: Vi kjem fram til Hillesvåg og vert delte i 3 grupper, kvar med sin farge.
Kl.10.00: Omvising i Hillesvåg Ullvarefabrikk og butikken deira.
Tid til ”togaktivitetar” for dei som ikkje kom med Oslotoget.
Kl.12.00: Lunsj. Nordhordland Husflidslag serverer betasuppe, og fabrikken spanderer
kaffi m/kake.
Kl.13.30: Retur til Bergen sentrum.
Kl.15.00 – 17.00 To foredrag på Kunsthøgskulen i Bergen.( 100 m frå hotellet)
1: ved førsteamanuensis/tekstildesignar Jon Å. Pettersen. Han vil snakka om silke,
både i eit vidare perspektiv og eigen design av silkestoff.
2: ved professor/tekstilkunstnar Kari Dyrdal. Ho vil snakka om eigne arbeid og
relatera dei til annan tekstilkunst i samtida.
Kl.19.30: Konferansemiddag, 3 rettar i Brasseriet Grand Hotell Terminus
Sundag 27.september:
Kl.09.15: Vi samlast utanfor hotellet for avreise til Hordamuseet på Stend www.bymuseet.no
Kl.09.30: Avreise med 2 bussar.
Kl.10.00: Vi kjem fram til Hordamuseet.
Foredrag v/Marta Kløve Juuhl om napparyer (floss) som vart brukte i senga og på
sleden i innlandsbygdene på Vestlandet framover mot 1950.
Kl.11.30: Lunsj i låven: Bergensk fiskesuppe, kaffi og lefse.
Omvising på Hordamuseet, i teppesalen med Ragna Breivik sine biletteppe spesielt.
Kl.14.00: Avreise med buss attende til hotellet/jernbanestasjonen.