Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Hordaland Husflidslag / Filarkiv / Referat frå medarbeidarkurs vår 2009

Referat frå medarbeidarkurs vår 2009

Referat frå medarbeidarkurs vår 2009

Hordaland Husflidslag hadde medarbeidarsamling i samband med årsmøte i Bekkjarvik i Austevoll 27.-29.mars 2009.

Referat medarbeidarkurs.

 

Gruppearbeid: Noregs Husflidslag 100 år 2010.

Leiar presenterte gruppearbeidet og korleis det skulle gjennomførast. Ho viste ein kort power point presentasjon om tankar knytt til jubileet og ynskte at gruppene idémyldra kring dette. Kvar gruppe presenterte tre forslag etterpå. Leiar har laga ei liste over framlegg på aktivitetar deltakarane kunne tenkja seg både lokalt, regionalt og nasjonalt. Denne skal bearbeidast i styremøte, der nokon av ideane vert valt ut og satsa på. Ideane vert også sendt til Noregs Husflidslag og på e-post til alle lokallag.

 

Medarbeidarkurset med tema ”Kystkulturhandverk for barn og unge” vart innleia av Inge Halsteinsen. Han er voksen opp i Bekkjarvik og er i dag bl.a. både eigar av fiskebåtar og er fiskar sjølv. Han fortalte historia om kremmarleie Bekkjarvik. I 1736 fekk dei monopol på handel og gjestgiveri. Kongen ville ha ”ein smukk, formuende mann som kunne leige ut losji, overnatting og mat”, men det vart sagt at sognebarna ”lukta ille, hadde ein skeiv og underleg gange og utydeleg tale (dialekt). Folk var i arbeid frå dei var 5 år og utslitne ved 40 års alderen. I 1804 gjekk Bekkjarvik Gjestgiveri konkurs. ”Det går oppover i tresko og nedover i lakksko” vart det sagt. I 1909 overtok bestefar til Inge Halsteinsen garden Bekkjarvik Gjestgiveri. Fram til 1930 var innbyggjarane bønder og fiskarar, så kom hamskifte og industrien overtok. Tønnefabrikken på torget laga 128 tønner pr. dag i gode tider, eller 70.000 pr. år på akkord. Bødtkerane hadde eit reiskap for kvar operasjon på tønnene. Litt etter litt kom maskinene i bruk her og. Det var Haldor Haldorsen (Wickmann) frå Rubbestadneset som var den lokale motorfabrikken. Det vart laga ein ny type fiskebåt for kvart tiår i Austevoll. Det er sagt om vestlendingane at dei hadde berre ”ei fjøl mellom liv og død”. I 1960 forsvann silda og krakket kom. Pga dårleg kommunikasjon i kommunen Austevoll, vart austevollingane verande på øyene. Dei bytte ikkje yrkje, men vart verande fiskarar og utvikla seg innan dette yrkje, difor er kommunen blant dei fremste innan teknologi og størst innan fiskeflåten i landet i dag.

Husflidslaget fekk boka ”Bekkjarvik” eit kremmerleie gjennom 350 år, K. Halsteinsen as 1897-1997, 100 år som gåve frå Inge Halsteinsen, medan han fekk våre to temahefte for barn og unge som er knytt til kystkulturen.

 

Dei ulike praktiske kursa vart så sett i gang. Alle deltakarane fekk utdelt temahefte ” Eg rodde meg ut” av Olga Breivik som vart brukt på kursa.

Gruppe 1: ”Huftarøy”: Binding på kavl (garnkule). Lærarar: Johanne Årland og Brita Hekland

Gruppe 2: ”Selbjørn”: Ulike knutar på fjøl. Lærarar: Karoline Blix og Torild F. Velure.

Gruppe 3: ”Hundvåkøy”: Makramé-armband. Lærarar: Herborg Nordtveit og Else Marie Finnkirk.

Gruppe 4: ”Stolmen”: Slyngestokksnor til fortaum til ongel og hoppetau på ”reparbane”. Lærarar: Britt Mari Hesjedal og Janniche Ryssdalsnes.

 

Temahefte ”Eg rodde meg ut” er trykt opp for sal og kostar kr. 100,-. Hefte er flott å bruka både i skulesamanheng og i arbeid for barn og unge. Vi kan ta imot bestilling her til kontoret.

”Reparbane-utstyr” er bestilt inn på Husfliden Bergen as, så ta kontakt om de ynskjer å kjøpe denne.

 

 

Referent medarbeidarkurs

Torild Finsrud Velure

Sekretær