Vevtog til Bergen 25.-27.september 2009.
Hordaland Husflidslag og Nettverk vev Norge arrangerar vevtog til Bergen, med avgang Oslo S fredag 25. september kl 08.11 og framkomst Bergen kl 14.52. Eit breidt spekter av vevaktivitetar- og opplevingar ventar 65 deltakarar.
Vevtoget til Bergen 25.-27.september.
Hordaland Husflidslag og Nettverk vev Norge arrangerar vevtog til Bergen, med avgang Oslo S fredag 25. september kl 08.11 og framkomst Bergen kl 14.52. Eit breidt spekter av vevaktivitetar- og opplevingar ventar 65 deltakarar.
Vevtoget skal gi den som er vev-interessert, gleda av ny vevkunnskap, stimulans til ny kreativitet, nye nettverk og ikkje minst inspirerande og hyggeleg selskap. Vevutstyr og garn er garantert på plass når veventusisatane går om bord på toget for å læra meir om veving og ulike trådteknikkar av dyktige instruktørar og ikkje minst kvarandre. Vevtoget er ein opplevelsesreise som kombinerar kunnskap, kulturopplevingar og sosialt samvær som appelerar til vevarar i alle aldrar. Sjå nettsida vår: www.vevtog.no med fullstendig program.
Aktivitetane på toget er kurs i rammeveving, fotveving, kumi himo snorer og nålefilting med lærarane Ingebjørg Vaagen, Nora-Marie Sogn Wik og Solveig Orstad Teigen.
Aktivitetar og opplevingar i Bergen ·
-
Bryggen Museum, omvising og foredrag v/ cand.real Ellen Schjølberg om dei tekstile funna frå utgravingane på Bryggen. (fredag)
-
Husfliden Bergen as. (fredag)
-
Tur til Hillesvåg Ullvarefabrikk, Hjelmås. Omvising og kurs i ”togaktivitetane”. (laurdag)
-
Nordhordland Husflidslag.
-
Foredrag på Kunsthøgskulen v/ førsteamanuensis / tekstildesignar Jon Pettersen. Silke i eit vidare perspektiv og eigen design av silkestoff. (laurdag)
-
Foredrag på Kunsthøgskulen v/professor / tekstilkunstnar Kari Dyrdal. Eigne arbeid relatert til tekstilkunst i samtida. (laurdag)
-
Hordamuseet, omvisning og foredrag. Ragna Breivik sine tepper v/ Kari Thue og Napparyer (floss) som vart brukt i senga og på sleden i innlandsbygdene på vestlandet fram mot 1950 v/ Marta Kløve Juuhl. (søndag)
For meir informasjon
Hordaland Husflidslag v/ Torild Finsrud Velure tlf. 924 04 752
Nettverk vev Norge i Bergen Marta Kløve Juuhl tlf. 474 14 667
Nettverk vev Norge på toget Nora-Marie Sogn Wik tlf. 905 81 106
Nettverk vev Norge på toget Solveig Orstad Teigen tlf. 907 24 848
Med vevhelsing Hordaland Husflidslag