Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Hordaland Husflidslag / Lokallagene / Fusa Husflidslag

Fusa Husflidslag

Fusa Husflidslag vart stifta 17. februar i 1981.

I ein kommune med så lange og mange husflidstradisjonar som Fusa har Husflidslaget ein naturleg plass. Laget ynskjer å halda gamle husflidsteknikkar i hevd gjennom kurs og temakveldar. Lenge har me hatt fast tilhaldsstad i "Husflidsbuo" i Eikelandsosen, men då huset no er seld er me på jakt etter nye lokaler.

Medlemsaktivitetar og kurs vert haldne rundt omkring i kommunen der det høver best. Tid og stad vert annonsert i lokalavisa Os og Fusaposten.

Har du lyst til å læra noko nytt ? Har du kunnskap du ynskjer å friska opp ?
Har du kunnskap du ynskjer å dela ?
Ta kontakt med oss !

 

10_imagelarge

Fusa Husflidslag sitt bidrag til Hordaland Husflidslag si rammeutstilling.

Nyhetsarkiv

Bibliotek og Husflid hand i hand

Første laurdag i månaden har Fusa Folkebibliotek laurdagsope. Bokleg kunnskap og den handlingsborne kunnskapen har jamnlege møte her.