Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Hordaland Husflidslag / Lokallagene / Nordhordland Husflidslag

Nordhordland Husflidslag

Litt om laget

Nordhordland Husflidslag organiserer husflidsinteresserte i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy og elles alle andre som ynskjer å vere med i lokallaget vårt. Laget, som er eit av dei største i Hordaland,hadde ved årsskiftet 161 medlemer.

Sying av skinnfell

Sying av skinnfell

Kurs

Laget driv utbreidd kursverksemd i tradisjonelle handverk. Kursa har ulik lengde, frå 12 til 60 timar og vert halde rundt om i laget sitt distrikt. Kurs me har hatt siste åra: Veving, bunadssying, brodering, toving, tauknyting, plantefarging, grindbygging, steinmuring, sying av og trykking på skinnfell, pilfletting, rosemåling, lefse- og flatbrødbaking, salting og krydring av sild og pølselaging. Medlemmer får 10% avslag på kursavgifta. Kursa vert annonserte i medlemsbladet Primstaven,på plakatar i distriktet, i lokalpressa og på www.husflid.no

Laget skipar også til ei årleg husflidsmesse i Knarvik.

Medlemsblad
Laget har eit eige medlemsblad, Primstaven, som kjem ut 5 gongar om året. Her vert aktivitetar og nyhende publisert og møter og kurs annonserte.

Klikk her for å lese Primstaven:

Bunadsnemnda

Laget har ei eiga nemnd som arbeider med å samle, registrere og dokumentere materiale om bunader og bunadsbruk i området vårt. Bunadsnemnda har og arbeidd med å skaffe ei komplett brudedrakt og krune til laget. me er glade for å kunne tilby denne flotte drakta til leige. Kontakt Husflidstova for nærmare informasjon og avtale.

Broderinemnda

arbeider med å samle inn, registrere og arkivere gamle broderimønster og å gjere dei tilgjengelege for alle.E-post: broderinemnda@gmail.com

P/L Husflidstova www.husflidstova.no

P/L Husflidstova på Ikenberget i Alversund er butikken til Nordhordland Husflidslag. Her syr me bunader frå Nordhordland, Masfjorden, Indre Nordhordland og Sogn. Me tek også reparasjonar på bunader. Me har stort utval i mønster til bringedukar, belte, selar og skjortekantar. Me fører og anna utstyr til bunaden, som tova hatt, linhue, sokkeband, paraply, bunadsskrin, vevde band og silkesjal. Tradisjon og kvalitet vert vektlagt. Husflidstova har eiga internettside: www.husflidstova.no Hee finn du opningstider og meir om kva dei kan gjere for deg.
E-postadr: post@husflidstova.no
Telefon: 56360744
Besøksadresse: Blombakken 1, Ikenberget, Alversund

Nyhetsarkiv

Torgdagen i Hillesvåg - 2 juni

Kom og vær med i Hillesvågen 2 juni

Nytt om kurset i tægerbinding

Kurset i tægerbinding har fått litt ferre timer. Det vil nå bli 16 timer langt.
Sankedagen 9 juni.
Kursstart 29 august.
Påmelding til Ingeborg Fiskesett
tlf: 56350747 mob: 97778037

- - -
Finn alle vårens kurs under "Filarkiv"-fanen ute til venstre.

Vil du gje grasrotandelen til Nordhordland Husflidslag?

Skriv ut sida eller ta med organisasjonsnummeret til kommisjonæren.

Klikk her for info.