Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Hordaland Husflidslag / Lokallagene / Vaksdal Husflidslag

Vaksdal Husflidslag

Litt om laget

Laget blei stifta 1. april 1987 og har 60 medlemar.

Me leiger lokale i Coop sine lokaler på Dale, der kafeen var før, som vert kalla "Husflidstova".

Aktiviteter

I "Husflidsstova" på Dale har me "Gjer-ferdig-kveldar" den andre onsdagen i månaden frå kl. 18.00-21.00. Då har medlemane og andre høve til koma. Dette er meir eit "sosialt samvær" der ein kan ta med handarbeid som ein held på med.

I "Husflidstova" har me medlemsmøte den fjerde onsdagen i månaden frå kl. 18.00-21.00. På medlemsmøta prøver me å ta opp ulike teknikkar.Medlemane får brev tilsendt om møta og me oppfordrar til å ta med seg vener og kjennte slik at me kan få auka interessa omkring laget.

Kurs

Laget arrangerer kurs både vår- og hausthalvåret. Kursa vert lyst i Vaksdal Posten. Kursa vert halde i Husflidsstova og på Dale barne- og ungdomsskule.

Julemesse

Me har julemesse andre helga i november kvart år (veke 45). Julemessa vert halde på Dale Barne-og Ungdomsskule. Her har me òg juleverkstad for born begge dagane.

Jubileumsramme

Historie

Laget blei stifta 1. April 1987.

Nyhetsarkiv

Datakurs i Bergen 15 og 16 okt

Hordaland Husflidslag held kurs for medlemane i bruk av lokallaga sine heimesider.

Juleverksted

Juleverkstad for alle barn på julemessa den 12 og 13nov. 2011 i tegnesalen

Julemesse

Det vert julemesse på Dale Barne- og Ungdomsskule 12. og 13 november 2011