Aktiviteter
Stad for medlemsmøte: Ingen fast møtedag eller -tid, men leigar lokale hjå Vestnorsk Kulturakademi på Tvildemoen. Laget leigar også lokale til vevstova her, som er open alle kvardagar. Laget driv også Trebua i Magasinet på Tvildemoen, der medlemar kan koma og få nytta maskiner og få rettleiing i ymse slag trearbeid.
Kurs
Kursa vert lyste i bladet Hordaland, og Husfliden på Voss (tlf. 56 51 16 19) tek imot påmelding. Medlemar i Voss Husflidslag får 10% avslag.
Historien
Laget er eit av dei eldste husflidslag i landet. Det var skipa før landslaget og feirde 100 år 6. mars 2004.