Kulturminnedagen 12.september 2010.
Dugnaden er eit samarbeid mellom Vestnorsk kulturakademi, Hordaland Husflidslag, Kultur og næringskonsulent i Hordaland (NH), Voss Husflidslag, Voss Bygdekvinnelag, Voss Kulturskule og Magasinet.
Kulturminnedagen 2010.
Tema: ”Nytt liv i gamle minner”
Søndag 12.september 2010
Arrangørar for kulturminnedagen:
Hordaland Husflidslag og Vestnorsk kulturakademi (stiftelse der desse er representerte: Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen, Kunsthøgskulen i Bergen, Voss Kommune, Hordaland Fylkeskommune, kulturavdeling, Fylkesmannen i Hordaland) i samarbeid med Voss Husflidslag, Voss Bygdekvinnelag, Fortidsminneforreninga (Finneloftet), Voss kulturskule, kunsthandverkarar i ”Magasinet” og Norges Husflidslag.
Stad for arrangementet:
Vestnorsk kulturakademi på Tvildemoen, Voss.
Er eit regionalt kunnskapssenter for kultur og bygdenæring. Akademiet er utvikla sidan 1993 i eit nært samarbeid mellom lokale eldsjeler, Voss kommune, Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Universitet og høgskule i Bergen og Hordaland Husflidslag.
Bygdene er i omstilling og utvikling. Det krevst kunnskap om regionen og medvit om korleis lokale ressursar og verdiar skal forvaltast og korleis bygdene skal profilerast i framtida.
Mange unge menneskje ynskjer vidare utdanning, og har ikkje anna alternativ enn å flytta eller pendla. Undervisningsinstitusjonar har ei sterk tiltrekkingskraft og bestemmer i stor grad også framtidig bustad.
Vestnorsk kulturakademi har lang erfaring med målretta undervisning og fokus på ein del avgrensa fagfelt som er sentrale for vidareutvikling av bygdene. Målsettingane for akademiet er i samsvar med nasjonale og regionale planar for næringsutvikling og kultur.
Vestnorsk kulturakademi har som hovudmål å ta vare på, formidla og vidareutvikla erfaringskunnskapen som ligg i den vestnorske kulturarven. Akademiet tilbyr undervisning på universitets/ høgskulenivå, i samarbeid med Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Lillehammer. Akademiet tilbyr også kurs i ulike handverks- og byggeteknikkar.
Undervisninga skal bidra til styrkja næringslivet, kultursektoren og skuleverket i regionen, og trekkjer også studentar frå andre landsdelar. Undervisninga skjer i hovudsak på Voss, men er enkelte gonger gjennomført andre stadar i landet etter avtale med lokale institusjonar. Undervisninga ved delfaga er forskingsbasert og nyttar den handlingsborne kunnskapen som eit sentralt pedagogisk element. Undervisningar skjer i form av forelesingar, ekskursjonar og praksis i akademiet sine verkstadar. Både den immaterielle og den materielle kulturarven vert i vareteke.
Vestnorsk kulturakademi sine lokalar er tidlegare militærleir på Tvildemoen på Voss. Husa utvendig og tunet er likt slik det opphavleg var, men innvendig er det ombygd til undervisning, verkstadar og kontor. Planar for vidare ombygging er under arbeid.
Norges Husflidslag feirar 100 års jubileum i år, medan Hordaland Husflidslag er av dei eldste husflidslaga i landet med sine 115 år i år. Norges Husflidslag er landets fremste kulturorganisasjon innan husflid. Vi arbeider for å fremja husflid kulturelt, sosialt og økonomisk og vi tek vare på og bringar vidare lokale husflidstradisjonar og handlingsboren kunnskap. Visjonen vår er: ”Vi former framtida” og kjerneverdiane våre er: kvalitet, tradisjon, nærheit og skaparglede.
Vestnorsk kulturakademi meiner vi vil vera ei god ramme rundt Kulturminnedagen 2010 ”Nytt liv i gamle minner”. Vi vil ta utgangspunkt i dei tre studia som vert tilbode ved akademiet ved hjelp av demonstrasjonar, utstillingar og smaksprøvar. Universitet og høgskulestudie i teknikkar som tidlegare var handverk i dagleglivet.
Dei tre studia er:
- Byggeskikk og bygningsvern
- Mat , kultur og reiseliv
- Tekstilkultur
Demonstrasjon av grindbygg. Tidlegare brukt til reisverk for utløer og liknande. Moderne bruk : Garasje til bil, postkassestativ og oppslagstavler.
Guida omvising i ”Magasinet” og lagerbygning/vognhus der den militærhistoriske bakgrunn om husa vert fortalt og korleis ein har utnytta byggemassen ved restaurering og ombygging til dagens bruk.
Vossa-lefser som fingermat . Tradisjonelle lefse brukt på moderne måtar. Demonstrasjon av steiking av blodpannekaker og potetekaker og baking av brød i steinomn.
Demonstrasjon av toving av hattar, med utstilling av hattar. Tova filt tøflar (pampusar) er eit gamal velkjent handverk frå Haus i Hordaland.
For å kunna fanga opp interessa for tradisjonskunnskapen og den handlingsborne kunnskapen, vil vi gi tilbod til den yngre generasjon også. Vi vil difor ha aktivitetar for barn og unge i teknikkar knytt til tre, mat og tekstil.
Teknikkane dei får prøva seg på vert: Spikking av knaggar av emne rett frå treet, laga hoppetau på reparbane (snordreiar) og grilling av eple og pannekaker på bål.
Treverkstaden og vevstova vil vera open og handverkarar og kunstnarar i Magasinet vil ha opent sine verkstadar denne dagen. Her vil ein få sjå blant anna ulike gamle handverk som bokbinding, trykkjeprosessar, glasarbeid, keramikk og toving. Arrangementet vil også vera ei marknadsføring og kjent gjering av studietilboda ved akademiet.
I tillegg vert det kulturinnslag med song og musikk samt sal av mat og kaffi.
Kulturminnedagen vil vera eit gratisarrangement med hjelp frå alle samarbeidspartane. Arrangementet vil vara frå kl.11.00 -16.00.