Styret i husflidslaget 2012 - 2013.
Husflidslaget avvikla årsmøtet 25. januar med god deltaking, god mat, god prat og
godt engasjement mellom dei frammøtte.
Etter valet og eit konstituerande styremøte ser styret for 2012 slik ut:
Leiar: Linda Hasund
Nestleiar/nettansvarleg: Berit Aarset
Sekretær: Therece Herstad
Kasserar: Aagot Grimstad Riise
Studieleiar: Liv Gurskevik
Vara/valnemnd: Alvhild Moldskred og Turid Bakken.
Revisor: Inga Marie Aurvåg
Husflidsmøta er på Frivilligsentralen, Skollebakken aktivitetshus i Ulsteinvik sentrum, ein gong i månaden. Møta er frå kl.19.00 til ca. kl.21.00. Møta er opne for alle husflidsinteresserte. Møteplanen for våren 2012 ser slik ut:
Onsdag 8.februar.
Onsdag 14.mars.
Onsdag 11.april.
Onsdag 9.mai.
Den 11.april kjem husflidskonsulent Randi Hole og skal halde eit foredrag om fargar, fargebruk og korleis fargar påverkar oss. Dette er ein del av satsningsområdet til Norges Husflidslag; farge, form og funksjon.
Dei andre møta vert utan tema. Ta med deg det du arbeider med og kom! På møta har vi kaffe/te, litt å bite i, loddsal og utlån av bøker som faste innslag.
I mars skal vi ha heklekurs for nybyrjarar. Hanne Harkjerr Skeide er kurshaldar og vil lære oss teknikkane. Kurset går over fire torsdagar i mars frå kl.18.00 til 21.00. Informasjon og påmelding hos studieleiar Liv Gurskevik, mobilnr.48135200.
Velkommen - både på husflidsmøta og på kurset!