Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Møre og Romsdal Husflidslag / Lokallaga / Ørskog Husflidslag

Ørskog Husflidslag

Litt om laget

Vi har lokale i Paktarhuset på Prestegarden, og har aktivitetar 1 gong for månaden, turar, utlån av bøker, eit kreativt og inspirerande fellesskap.

Vi har 22 vaksne medlemmer og 2 barnemedlemmer.Medlemene kjem frå Ørskog og Skodje kommunar.

Aktivitetar

Barna har fleire aktivitetar, spikking, strikking, saum og brodering. Dei held som regel til hos Ingrid M. I slutten av november har vi ein kveld med lysedypping der alle 5. klassingane i kommunen vert inviterte. Andre born og vaksne er også velkomne.

Medlemsmøta har hatt ulike aktivitetar som broderi, toving, lage juledekorasjon. Vi har arrangert kurs i plantefarging og veving.

Husflidsdagen 2009 laga vi til utstilling over klede som sydame Sofie Sjøholt

hadde sydd. Rundt 200 personar var innom utstillinga i løpet av to dagar.

Lekre selskapskjoler

Historien

Ørskog Husflidslag vart stifta 3.mars 1986, og feira 20 års jubileum i 2006.

Sprang

På husflidsdagen 10. september 2011 markerte vi 25 års-jubileumet med jubileumsutstilling og festmiddag på Samfunnshuset. Gamle og noverande medlemer var inviterte og husflidskonsulent Randi Hole deltok med foredrag på festen og synte teknikken sprang på utstillinga.

Boksamling

Husflidslaget har ei ganske god boksamling som er tilgjengeleg for medlemene. Bøkene står på Paktarhuset.

Nyhetsarkiv

Husflidskveldar

Vi vil prøve å få til husflidskveldar siste måndag i månaden. Vi vil be medlemene å hjelpe til med å ta ansvar i lag med styret.

Årsmøtet 2012

Årsmøtet vart halde på Ingeborgstova, Ørskog Aldersheim.

Husflidskurs på Hustadvika gjestegård

22. - 23. oktober: Aud, Ingrid M., Laila og Ingrid S. reiste på kurs på Hustadvika gjestegård for å bli inspirert til nye aktivitetar i laget.