Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Møre og Romsdal Husflidslag / Lokallaga / Storfjord Husflidslag

Storfjord Husflidslag

Litt om laget

Storfjord Husflidslag blei stifta i 1981, på Hellesylt. Medlemmane var fra Stranda, Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Medlemstalet har variert frå 22 til 69. No er dei fleste medlemmane frå Stranda.

Vi har lokaler i Storgata 12. Lokala er åpene kvar laurdag frå kl. 10.30 til 14.00. Her har vi heimelaga varer utstilt, og for salg. Medlemsmøter, lappegruppa og strikkekafeen har møta sine her. Knivgruppa møtest på ungdomsskulen.

For å gjere lokala meir synlege, har Bente B. Opshaug måla skilt, og lappegruppa har sydd vimpler.

Husflidsmesse blir halde kvar haust, med stor aktivitet og velvilje frå alle medlemmer. Alle interesserte er velkomne til våre tilstelninger og møter.

Nyhetsarkiv

Strikkekafe 27.03.2012

Tirsdag 27.mars klokka 18 i Husflidslaget sine lokaler, Storgata 12. Det blir vist ferdig strikka vårmodeller frå Dale fabrikker. Det blir sal av kaffi og kaker. Loddsal. Vi ønsker alle velkomne til ei koseleg og inspirerande stund.

Årsmøte

Årsmøte blir halde i lokala våre onsdag 29.februar kl.1900.

Strikkekafe

Tirsdag 27.februar kl.1800 blir første strikkekafèen i 2012. Tema blir hekling,ta med garn og heklekrok. Loddsalg,kaffi og kake. Alle velkomne.