Vi i Volda Husflidslag har ein blogg (trykk på logoen)
Litt om laget
Volda husflidslag vart skipa 19. januar 1906.
Den flotte boka om Volda husflidslag som kom ut i samband med 100-års jubileet er fortsatt muleg å få kjøpe.
Aktiviteter
Vev
På sanitetshuset er det vevstove. Heidi Thöni Sletten (tlf. 936 01 901) er kontaktperson om de vil tinge plass eller få meir opplysningar. Dei som vev får disponere veven når dei vil, mot ei fast leige. Kvar onsdagskveld er nokon frå vevgruppa tilstades.
Kvar onsdag frå kl.18 kan ein ta med eige handarbeid og møtest på sanitetshuset (2. etg.).
Bunad
Husflidslaget arrangerar bunadskafè på Mylneriet 3 gonger i haust- og 3 gonger vårhalvåret. Her kan ein ta med eige bunadsarbeid,utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Det er og høve til å kjøpe kaffi og kaker. Sjå annonse i lokalavisa.
Sløyd
Sløydgryppa møtest kvar torsdagskveld på sløydsalen ved Øyra skule. Lagging og dreiing er nokre av aktivitetane der. Sløydsalen er ikkje tilgjengelig i skuleferiane.
Ung Husflid
Volda husflidslag har ei gruppe for born og unge. Vi har faste aktivitetskveldar der ein skal bli kjent med, og lære handtverksteknikkar. Vi har arrangert strikkekurs og broderikurs. Har du lyst og vere med så ta kontakt med Turid Øvrelid Søvik, tusoevik@broadpark.no Du finn fleire opplysningar om du går inn på nyhetsarkiv.