Gjenbruk; tema for kurshelga på Håholmen, 30-31 jan. 2010
Kan ALT brukes på nytt?
Tankane romsterar rundt i hodet…. Eg har rydda, vaska, sortert, pakka, laga brød og bollar heile natta. To og ein halv time kvile i senga vart det. For kva?
-Jau, eit døgn med FRIVAKT! Med seks ungar som skal organiserast; to til mormor, to til farmor, to som skal greie seg heime. Mannen er på sjøen –typisk når eg skal noko!
Ok ; alt og alle er på plass –bortsett frå nattesøvna. Eg startar bilen og setter kursen mot ferga og tanken kjem: har EG fått med meg det eg treng?
Kva er det slags kurs eg skal vere med på? Jo, omsaum og redesign, greitt, ikkje vanskeleg å finne avlagte kle. Eit kurs med arbeid med blikkbokser; må bråstoppe hos pappa. Han står klar med eit nett med tre-fire boksar! Då er vel alt i boks? Ferga er i rute og vi er på veg. – til Håholmen på vinterstid. Båten legger til kai. Eg høyrer på praten som går livleg omkring meg. Ikkje alle er like høyrbare. Kanskje dei er like spent som meg på kva vi eigentleg har gitt oss ut på?
Vi blir møtt med varme smil, varme rom og hjelpande hender. Vi har visst fått med oss rikeleg. Symaskiner, gamle klede, blikksakser og tenger, metalltrådar, perler og sykkelslangar… Dette lover godt!
Mat; deilig lunsj med laks i ”alle” variantar – litt likt alle oss damene!
Eg byrjar med blikkboksane; ho Bente deler sin kunnskap med oss som er lutter øre; om omstreifarar og vispar, om industrialisering og masseproduksjon. Eg har viss ikkje heilt blikk for kva ein kan få til med enkelt utstyr. Rundt meg formast det flotte smykkar, lyktar med perler og filt…
”Vi druknar i ting” – mor mi sitt yndlingssukk. Ho har sjølv sju barn, eg har åtte… Tenker på alt eg har tatt vare på. Kan eg greie å bruke det til noko? ”Det kan heilt sikkert brukast til no’”, ein ikkje heilt ukjend songforfattar har tenkt tanken før.
Kva kan eg lære av eit slikt kurs?
· Eg treng eit pusterom av og til; det gjer godt å treffe andre menneske, gå til dekka bord, nyte vakker natur, ha tid til å vere..
· Kursleiarane hadde mykje å lære bort; dei var engasjerte – det smitta! Kreativiteten var vekt til live! – Igjen!
· Vi fekk tid til å prate litt rundt borda; ei fekk ein telefon; ”Søv du? Er du på rekreasjon i helga?” Ja, på ein måte; vi re-kreerar av gammalt. Vi skaper noko annleis.
Eg kjenner meg litt ”resirkulert”
Eg har fått nye impulsar, krefter eg kjende eg ikkje hadde – dei er der! – Igjen!
Ein flott fullmåne på si vande ferd, speglar seg i havet. Eg er litt avsides, eg har fått ny kunnskap. Eg ser utover; små og litt større fyrlys viser veg.
Kan eg vere med og vise veg? Kan vi greie å korrigere kursen litt der vi stadig forbrukar meir av ressursane våre? Kan eg vere med og gje andre litt av den gleda det gav å skape noko heilt annleis av gammalt brukt? Eller er vi berre små dråpar i havet som omgjev oss her ute? Eg vel å tru at det nyttar.
Vel heime, alle samla rundt bordet. Eg ser meg om; kor herleg livet er!