Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Møre og Romsdal Husflidslag / Nyhetsarkiv / Kurs i gamle malingsteknikkar

Ny artikkel

Kursleiaren informerar

Helga 26. - 27. sept. 2009 var det kurs i Ørsta med Knut Kråkevik

Helga 26. - 27. sept. arrangerte Møre og Romsdal Husflidslag kurs i gamle malingsteknikkar.

Kurset vart halde på Møre Folkehøgskule i Ørsta, ein ypperleg stad for eit slikt kurs. Gode lokalitetar og ikkje minst god mat til svoltne kursdeltakarar.

Kursleiar var Knut Kråkevik, busett i Ørskog. Han har lang erfaring innan dette emnet. Han gav kursdeltakarane innføring i tempera, olje, limfarge og politur. Vidare synte han teknikkar som marmorering, kam, stubbing m.m.

På denne måten lærte han å gi gamle og nye ting eit løft med bruk av rett maling, reidskap og sjølvsagt teknikk.

Kursdeltakarane noterte etterkvart som Knut formidla. Av dei deltakarane som var på kurset, var der både frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Og alle meinte dette var eit verkeleg kjekt kurs, med ein inspirerande og dyktig kurshaldar.

Han vert nok sikkert spurt fleire gongar om å halde kurs.