Litt om laget
Dovre husflidslag har eigne romslege lokalar i allmennfagbygget på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skole, avdeling Hjerleid.
På onsdagane, utan spesielt tema, er det open handarbeidskafe, med veving og alle andre slags husflidsaktivitetar, frå kl 19.00 - 22.00.
Me ønskjer deg velkommen til aktivitetane for å lære om tradisjonsteknikkar sett inn i vår tid, og å vere med i det sosiale fellesskapet.
Det nye året er i gang. Årsmøtet er avvikla.
Førstkomande onsdag den 1. februar blir det medlemskveld med dekorering av ljos. Ta med kubbeljos og serviett du likar mønsteret på.
Resten av aktiviteten kjem så snart styret har organisert kalenderen.
Men vevinga er i gang. Og det skal setjast opp nye vevar. Det er viktig at alle som er interesserte i å veve på husflidsromet kjem med ønskje om kva me skal ha opp i nye oppsettingar.
I alle fall - velkommen til husflidskveldane på onsdagane.
Dovre husflidslag sel
Dovrekofta:
Oppskrift kr 50,-
Dovrevotten:
Oppskrift kr 25,-
Materialpakke kr 140,-
Kontakt husflidslaget, tlf 90724848/ e-post solorte@online.no for å kjøpe. Eller kom på husflidslaget onsdagskvelden.