Litt om laget
Lagets org.nr: 987 055 111.
Laget vårt har eigne lokaler, der vi møtast kvar onsdagskveld fra Kl. 18 heile skuleåret. Lokalet vårt er i den gamle prestegarden, på Bioforsk Løken i Volbu. Du er velkommen enten du er medlem eller ikkje!
Aktivitetar
På onsdagskveldane legg vi opp til forskjellige aktivitetar, men det er ingen tvang å vere med på desse - det er full anledning til å drive med det du vil og ikkje minst vera sosial. Vi har veksla med kunststrikk, quilting, makrame, firfletting, tågbindindg og neverarbeid på medlemskveldane. Det har og vore strikka, hekla, og brodert. Vi har fleire vevstolar ståande oppe, med veving i forskjellige teknikkar. I haust hadde vi som tema strikketeknikker (kontstrikk, dobbeltstrikk, tvibandstrikk og nålebinding). Vi laga kort; både av pressa blomar, sopp, silkemåling og brodering. I sommar dyrka vi lin som vi brukte til å laga kranser av. Før jul laga vi stearinlys og anna julepynt. Til påske toving av egg og dekorering.
Sjølv om mykje av aktivitetane har "tekstil-preg" er det gode muligheter for trearbeid og liknande og - elles er det sjølvsagt fritt fram for å drive med akkurat det du har lyst til. Mangfald er ein av de tingene vi gjerne vil at skal kjenneteikne laget.
Vi har og kome i gang med aktivitetar for barn og unge. Medlemmer av laget har vore på ungdomsklubben. Aktivitetane har vore; porselensmåling, dekorering av eigne koppar. laga marsipan dekorert med sjokolade, steikt potetgull og kokt karameller. Til påske var vi på ungdomsklubben der dei fekk måle på eggeglass av tre og gipshøner og hanar, ivrige ungdommar og fine resultat
For barna hadde vi eit eige arrangement på biblioteket til påske, der dei fekk lage påskepynt. Ein av barnemedlemene hadde skore ut kyllingar i tre, til å måle på. Toving av gule kyllingar, setja på treplate, lime på auger,kam og nebb. Dekorering av striedukar med forskjellige figurar i fleire farger av filt (ferdig utklypt for dei yngste, dei eldste klyppte sjølv). Alt dette var populært. 50 var med.
Vi har plass til både kvinner og menn, og vi har det veldig hyggeleg. Hos oss kan du både lære noko og lære bort noko. I tillegg til onsdagskveldane held vi fleie kurs kvart år. I vinter har vi hatt Juleballantrekk - kurs for ungdomsskuleelevar, fetskokurs, to knivkurs, eit for unge og eit for voksne, lappeteknikk. To av desse kursa har vore tilrettelagt for personar med psykiske problemer.Til hausten planlegg vi Bakstekurs, Skinnfell, Skimaking, Sy rutastakk og Juleball-antrekk for ungdomsskuleelever. Ellers tek vi gjerne mot idear til andre kurs.
Vi deltek på Volbudagen kvart år. I 2009 var det den 21 Juni. Tema var stølsliv. Vi hadde husdyr i tunet, salg av lapper, kvitkake og sjokoladekake, kaffe, te og saft. Det var ulike aktiviteter for barn og unge. Vi hadde ei utstilling som viste ein del av det vi har drive med i året som gjekk, Vi hadde også salg av ein del småsaker vi har laga på dugnad i løpet av vinteren, bla vottenisser, tova hjerter, silkekort, og nøkkelringer. Dagen vart vellukka!
Dei siste åra har vi hatt ein tur for medlemmane. I fjor var vi på Julemesse på Maihaugen Året før var vi på Blaafarveverket, Modum. Vi har og vore på Hadeland Glassverk, Grindaker vev og Kunst og håndverksmessa i Oslo. Alle turene har vore dagsturer med buss. I vår skal vi til Oslo i samband med 100 års jubileet til Norges Husflidslag. Det har vore eit samarbeid med fleire klasser ved Øsbus om dekorering av lappar som skal syast saman til teppper og sendast til Kenya. Desse teppene skal utstillast ut under 100 års jubileet. Vi skal også få omvisning i Opraen saman med eit betre måltid. Påmld til Turid Album 996 90814 el Oddlaug Gullaksen 482 99305.
Liastølen 10. Juli skal vi på Beitostølen for å markere 100 års jubileet og ha ein tiveleg dag. Det blir vist ulike former for tradisjonelt handarbeid.
7 veker kvar sommer arrangerer vi salgsutstilling av godt håndverk på det sjarmerande "Herangtunet" ved Heggenes. Produktane som blir bydd fram er både frå lokale håndverkere og frå utenbygds. Alt arbeid vi legg ned her er dugnadsarbeid.
Ein aktivitet som foregår heile tida er strikking av sokker og luer til ein barneheim i Baku. Vi prøver etter beste evne å holde 140 barn varme, og til det treng vi både garn og ferdigstrikka sokker og luer i alle størrelser. Alle bidrag mottas med takk!
Tove Grethe, Tove, Solveig, Elin, Bodil, Anne Mari og Bjørg Eli.