Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Oppland Husflidslag / Lokallagene / Vang Husflidslag

Vang Husflidslag

Litt om Vang Husflidslag

Laget vart stifta 8. mars 1988

Leiar i dag er Anne Lajord Belsheim

Sekretær er Bjørg Berge

Studieleiar Guro Hovda

Kasserer Ingrid Thorpe

Styremedlem Sølvi Havro

7.februar 2012 runda me 40 medlemar.

AKTIVITETAR

Kvar tysdag har me kreativ verkstad på Haukåsen. Me kallar det og strikkekafe. Her har mange av oss lært Hakking, Pjoning, Englemasker og Stjernebretting. Nokre prøver seg og på Kontestrikk, ser vanskeleg ut, men er visst lett når du kan det. Det kjem mellom 15 og 20 kvar gong, og du treng ikkje eingong å ha med handarbeid . Det er lov å sjå på og berre vera sosial. Me har ope frå klokka 12 til 16.00

Kreativ verkstad/ Strikkekafe

Torsdag 23.feb 29.mars 26. april og 31. mai 2012

Me møtast klokka 19 på Haukåsen

Ta med dine UFO 'er (uferdige objekter) og kom.

Nyhetsarkiv

Årsmøte i Vang Husflidslag 2012

Hoved tema filering

Husflidsdagen 2011

På godfot med vergudane fekk me ein triveleg dag i Kvam

Her var det 18 utstillere og mange folk som rusla rundt, såg, handla og kosa seg med god mat og drikke.

Her var det; keramikk, sølv, trearbeider som dreiing, sveiping og lagging, saum, skinn av både geit og sau,strikking, hekling,smykker, akvareller og målerier, kurv og mykje anna.

Påske

Laging tå påskekjuklingar og haner