Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Rogaland Husflidslag / Lokallagene / Jæren Husflidslag

Jæren Husflidslag

Litt om laget

Velkommen til Jæren Husflidslag si heimeside.

Laget blei stifta 14 februar 1985. Dei fleste medlemmane, for tida ca 130, er frå Hå, Klepp og Time.

Jæren Husflidslag har sine vanlege lagsmøte i 1900-huset, adr. Hognestadvegen på Bryne. I andre etasje av 1900-huset har laget vevstove og rom til småkurs og møte.

Laget er tilslutta både Rogaland Husflidslag og Norges Husflidslag.

Medlemskontingenten inkluderer 5 nummer av bladet "Norsk Husflid". Som medlem får du rabatt på Husflidslaget sine kurs. 10% rabatt på kjøp av varer (unntatt bunad) på Husfliden sine utsalg.

Aktiviteter

  • Me har lagsmøte ca ein gong i månaden, som oftast andre tysdagen. På møtene tar me opp forskjellige emne og blir kjende med både nye og gamle husflidsteknikkar.
  • Tredje tysdag i månaden samlast dei som er interesserte i veving. Oppsetting av vev er dugnad og ein kan veva til seg sjølv. Ein frå vevkomiteen møter alltid og kan gje hjelp og rettleiing. 1900-huset 18.00-21.00.
  • Andre måndag i månaden har sylvgruppa sine samlingar på 1900-huset 18.00-21.00. Her blir det laga mykje flott.
  • Elles har me strikkekafe tredje måndag i månaden på Gamle Bryne Mek. 16.30-19.00. Januar t.o.m mai.
  • Handarbeidstreff på 1900-huset fyrste tysdag i månaden. 18.30-21.00
  • Barnegruppa er avviklet.

Lagekveldar

I vår har me 2 (3) lagekveld på 1900-huset

  • Tysdag 28 februar: Sy veske av kaffiposar 1. kveld
  • Tysdag 06 mars: Sy veske av kaffiposar 2. kveld
  • Tysdag 27 mars: Påskepynt

Kl 18.00-21.00
Pris medlem 100,00. Ikkje medlem 150,00

Husflidsdagen

På husflidsdagen har me dei siste åra hatt eit populært samarbeid med Jærmuseet. Då har me diverse utstillingar og aktivitetar for barn. Dette arrangementet pleier ca 400 å vera innom. I år vert husflidsdagen den 11 september. Tema strikking.

Lagsmøter

  • 23.08 Kåre Wiig. Miljøgarneriet og gartneriet på Wiig. Omvisning kl 18.00 i Kviamarka. Møt kl 17.30 v/1900-huset
  • 11.10 Liv Søyland: ”Mitt arbeid med gyldenlær”
  • 08.11 Else Moe Smitt: ”Billedvev med budskap”
  • 06.12 Julemøte. Gerda Sviland: ”Kvinneliv langs kysten”

Nye vedtekter.