Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Rogaland Husflidslag / Lokallagene / Suldal Husflidslag

Suldal Husflidslag

Fakta om Suldal Husflidslag

Suldal Husflidslag vart skipa i 1992 og har 32 medlemmer. Dei siste åra har hovudaktiviteten vår vore å driva Spøtakafeen.

SPØTAKAFE

Suldal Husflidslag har spøtakafe i foajeen på Kulturhuset, første torsdag i månaden kl. 18.00 til 20.00.

Dette er ei uformell samling for alle spøtainteresserte og også andre handarbeidsglade menneske. På nokre av kafeane har me eit tema, men elles er det fritt fram for å driva med det ein sjølv vil. Det fleire handarbeidsinteresserte kjem saman, er det alltid utveksling av erfaringar og idear. Kjekt å sjå kva andre finn på, og høve til å få hjelp med maskar eller oppskrifter som ikkje alltid er like samarbeidsvillige.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne. Ein treng ikkje vera medlem i Husflidslaget. Kulp kafe sel kaffi og kaker.

.

Program våren 2012 Last ned program her

Program hausten 2011 Last ned program her

.

Bli medlem! Last ned innmeldingsskjema her!

Nyhetsarkiv

Spøtakafe, torsdag 2. februar i foajeen på Kulturhuset

Uformell samling med spøtet (strikketøyet) og anna handarbeid.

Dei som vil det, kan vera med og laga gryteklutar. Ta med bomullsgarn i fine fargar og heklenål som passar til. Me oppfordrar alle til å ta med seg gryteklutar som dei likar godt, som er artige, spesielle, kjempegode.

KULP kafe har kaffi og kaker/påsmurt for sal.

Spøtakafe, torsdag 5. januar i foajeen på Kulturhuset

Uformell samling med spøtet og anna handarbeid.

Dei som vil, kan få vera med å spøta nusselige babysokkar. Ta med babygarn og 2 pinnar som passar til. Du får kjøpt oppskrift av oss (kopiprisen). Desse er veldig enkle, godt 1.gongs strikketøy som "blir til noko".

Som vanleg har KULP kaffi og kaker/påsmurt for sal.

Suldal Husflidslag, v/Bjørg Jorunn Myhre, Gata 24, 4230 SAND