Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Rogaland Husflidslag / Lokallagene / Suldal Husflidslag / Lokale kurs
Med fokus på gjenbruksmaterial og kreativ leik med symaskin som verktøy, jobbar me to dagar med utprøving og produksjon av små personliggjorte produkt. Du blir gjennom arbeidet med oppgåver og øvingar utfordra til å sleppa deg laus i forhold til det å sy, jobba kreativt med gjenbruksmaterial, form og farge i tekstil og papir. Me vil og på kurset ha fokus på heilskap og presentasjon av produkt i form av etikettar, posar og innpakning.
Kurset blir innleia med utprøving av ulike tekstile dekoreringsteknikkar som: rammelim, svulmepasta og metallfolie. Vidare vil me jobba med konkrete produkt, kor du etter end kurs vil få med deg heim t.d. både bokmerke, TeleTøffel og LatteLubbe med din signatur på.
Du kjøper ein materialpakke på kurset kor du får det du treng, men suppler gjerne dette med å ta med diverse papir, gamle tekstilar i ulike variantar, tova utgåtte ullklær, knappar, fine utklipp frå magasin, aviser, gamle foto osv. Kom på kurs med ein leken holdning og eit opent sinn til uformelt arbeid med form, farge og symaskin! Dette blir to kjekke dagar!
Kursdato: 7 juli 11:00
- 8 juli 15:00
Sted:
Kolbeinstveit
Meld på