Husflidsdagen 2012 - Ung Husflid - laurdag 8. sept. på Torjå
Suldal Husflidslag er 20 år i år. Nå set me alle klutar til og markerer jubileet på Husflidsdagen, laurdag 8. sept. med aktivitetsdag på Torjå på Sand. Under temaet Ung Husflid har me ulike aktivitetar for dei yngre. Følg med for meir info etter kvart.
Stor Husflidsdag på Utstein Kloster, laurdag 2. juni
Sal av husflidsvarer i borggården, demonstrasjon av teknikkar, aktivitetar for barn, kulturelle innslag.
Mulighet for omvisning i klosteret. Ta med nistekorg. Inng.p. 65 kr (inkl. omvisning)
Innkalling til årsmøte 2012, torsdag 2. feb. kl. 19.45 på Kulturhuset
Me held årsmøte etter spøtakafeen.
Alle interesserte kan delta, men berre dei som har betalt kontingent i Husflidslaget i 2011 har stemmerett.
Sjå sakspapira her:
Spøtakafeen flytter tilbake til foajeen i Kulturhuset
Etter ei samla vurdering, flytter me spøtakafeen tilbake til foajeen i Kulturhuset. Dette er eit mykje opnare og meir fleksibelt areal, der me får meir kontakt med folk som "berre går forbi". Det er også betre lys og lettare tilgang for folk.
Kulp vil tilby kaker og kaffi til vanleg kafepris.
Me ønskjer alle medlemmer og også andre interesserte til ennå ein sesong med spøtakafe. Program for hausten finn du på framsida.
Innkalling til årsmøte 2011, torsdag 3. feb. kl. 20.15 på Fargeriet
SAKLISTE:
1. Val av møteleiar og referent
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Årsmelding 2010
4. Rekneskap 2010
5. Arbeidsplan 2011
6. Val av leiar, 2 styremedlemmer, 3 varamedlemmer, revisor, valnemnd
.
REKNESKAP 2010
Bøker til sals!
Suldal Husflidslag har lager av husflidsbøker for sal. Medlemmer i Husflidslaget får medlemsrabatt på prisen.
Liste over bøker og prisar finn du her: Prisliste
Stjerneskot - me lagar logoen vår i kjempeformat, 10x10 m
Norges Husflidslag feirar 100-års jubileum i 2010. I Rogaland vil me markera dette med å laga ein kjempeversjon av logoen vår. Den vil presentera oss godt gjennom jubileumsåret.
Infoskriv om produksjon av stjerna i logoen vår i storformat, 10x10 m.
Me skal samarbeida med Sauda, Vindafjord og Ølen Husflidslag om å laga den eine spissen.
Årsmøte 2010, torsdag 4. februar kl. 20.15 på Fargeriet
INNKALLING TIL ÅRSMØTE I SULDAL HUSFLIDSLAG,
TORSDAG 4. FEB. KL. 20.15 PÅ FARGERIET KAFE
Håndplaggkonkurranse
Rogaland Husflidslag arrangerer håndplaggkonkurranse i samband med Norges Husflidslag sitt 100-års jubileum.