Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag

Sogn og Fjordane Husflidslag

Litt om fylkeslaget

Sogn og Fjordane Husflidslag har kontor på Igelkjøn i Flekke, Sunnfjord.

Sekretæren vår er tilsett i 50% stilling. Kontordagar er som regel tysdag og torsdag.

Dersom du vil på besøk, er det fint om du tek kontakt på førehand.

Tlf. 57 73 55 00.

Kontoret vårt har dei hjelpemidlar som trengst - med relativt nytt datautstyr.

Laget har fleire lysbileteseriar til utlån, blant anna "Dekor på tre og klær", "Broderi på kle", "Puter til pryd og nytte" og "Flid og flørt".

I tillegg har vi tre flotte utstillingskassar som viser knivproduksjon.

Aktiviteter

Laget har sine faste årlege aktivitetar; årsmøte, rundt 6 styremøte, medarbeidarsamling og regionale samlingar. Dei siste åra har følgjande stått i fokus:

1. Åkleregistrering

2. Mønsterhefte

3. Praktbok om åkle frå Sogn og Fjordane

4. Den kulturelle skulesekken

5. Regionale nettverksgrupper

6. Born og unge

Historia

Fram til utgangen av 1969 høyrde husflidsarbeidet i Sogn og Fjordane til Vestlandske Husflidslag. Etter nokre års førebuing, vart det 12. desember 1969 vedteke å skipe eit eige fylkeshusflidslag. Bakgrunnen var at distriktet til Vestlandske Husflidslag var i største laget å administrere, og ei deling ville tene husflidsrørsla.

Første leiaren i laget var fylkeslandbrukssjef Olav Bakke frå Førde. Med seg i styret hadde han Aadel Hellesen, Florø, Egil Sunde, Vik, Ragnhild Asheim Takle, Brekke, Geir Vinsrygg, Stryn og Gudveig Roska, Førde.

I følgje historia vart det i første arbeidsåret lagt stor vekt på å byggje ut organisert kontakt i dei ulike delane av fylket. Fylkeslaget hadde 2 lokallag med 170 medlemmer og 9 støttelag med i alt 250 medlemmer.

I 2009 fylte laget 40 år, og det vart gjort stas på jubilanten med ei illustrert soge som omfatta aktivitetar for kvar 10-års bolk og styremedlemmer og husflidskonsulentar som hadde ”tent” 40-åringen på ymse vis. Og det vitna om ein sterk jubilant, som kunne kvittere med sølvplass i medlemsvervinga av born og unge i 2009.

Nytt frå Fylkeslaget

Førjulskos i oktober

Innhaldet for årets medarbeidarsamling på Quality Hotel Florø 1. - 3. oktober er i boks: Organisasjonskurs, fletta band og juleverkstad er tema å velje mellom. I tillegg vert det utstilling med gamle og nye juleting, så stemning av jul kan opplevast allereie i oktober.

Landsmøte 2012 - ei spennande utfordring

Då er det klart: Sogn og Fjordane Husflidslag har fått tildelt æra av å vere vertskap for neste Landsmøte – om 2 år i Førde.

Det vil då vere 26 år sidan sist - og vi gler oss til utfordringane i eit godt stemne med gode og minnerike opplevingar.

Medarbeidarsamling i Florø

Helga 1. – 3. oktober er det duka for spennande medarbeidarsamling på Quality Hotel Florø. Ingrediensane er minst 4 kurs å velje mellom, utflukt, kulturinnslag, inspirasjon og nyttige samtalar.

Husflid Norge rundt:

Sogn og Fjordane

Lustrabruredrakta til husflidsjubileum

Bruredrakta til Luster er mellom drakter som vil verta vist fram under 100-årsjubileet til Norges Husflidslag. Norges Husflidslag er 100 år og Hordaland Husflidslag er 115 år i år. Dette skal markerast med aktivitetar i og utanfor Husfliden 27. til 29. mai på Vågsallmenningen i Bergen.

Les mer i Sogn Avis 26.05.2010 >

Lyst til å stå kronebrud?

Vel, no har du sjansen. I høve byjubileet har nemleg Florø husflidslag og Kystmuseet samarbeidd om å lage ei brudedrakt som matchar brurekronene som står på museet.

Les meir i Firdaposten 16.04.2010 >

Har flid, men manglar hus

Florø Husflidslag har vakse ut av lokala på Kreativiteten. Damene er no på utkikk etter eigna lokale.

Les meir i Firdaposten 16.04.2010 >