Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Lokallaga / Luster Husflidslag

Luster Husflidslag

Litt om laget

Luster husflidslag vart stifta 23.11.1979

Luster er ein stor kommune, i areal større enn Vestfold fylke, me har difor heile 7 aktivitetsgrupper som møtest på faste stadar rundt om i kommunen for å driva med husflidsaktivitetar.

Gruppene møtest ein gong i veka, der ein driv studieringar, eller berre samlast for å driva med eigne handarbeid.

Luster husflislag har styremøte 7-8 gonger i året, ein gong i månaden har me felles medlemsmøte med tema på eit av aktivitetshusa våre.

Styret set opp møteplan og stad, i samarbeid med aktivitetsgruppene, og så er det aktivitetsgruppa på den aktuelle staden som står for tema for kvelden, og står for det praktiske omkring arrangementet.

På møte har styre ein kort sekvens med innformasjon frå styret, me har enkel servering, loddtrekkning på inngangsbiletten , resten av møte vert brukt på kveldens tema

AKTIVITETSKVELDAR/ STADER

STAD TID KONTAKT

Hafslo- SFO rom Tysdag 19-22 Wenche Moe

Mollandsmarki Ellen Øygard

Luster-Fliden Måndag 19-22 Bjørg G Hovland

Jostedal- Idebui Torsdag 19-22 Marit Elvekrok

Gaupne -Aktiviteten Måndag 19-22 Berit Øyen

Fortun mandag 19 -22 partalsveker Else Steig

Kroken Tysdag 18-21 Synnøve Kleivan Urnes

Nyhetsarkiv

MEDLEMS - INFO 1- 2012

På Årsmøtet 6. februar 2012 vart Bente Vigdal vald til ny leiar. Else Moen tok ikkje gjenval..
Det gamle styret sette opp forslag til møtedatoar og kurs, det nye styret har gått gjennom dette
og gjort nokre endringar. No håpar styret at mange vil vera med på aktivitetane og møta
giennom året.

husflidsmøte Jostedal 22.03.2012

Torsdag den 22.03.2012 var det Jostedal sin tur til å ha medlemsmøte

Referat

Referat frå årsmøte 2012