Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Lokallaga / Stryn Husflidslag

Stryn Husflidslag

Sida er sist oppdatert: 13. februar 2012.

***************

Hei,

velkomen til heimesida til Stryn Husflidslag.

Stryn Husflidslag starta opp igjen 31.mai 2011, etter noen år i dvale.

Årsmøte var 31. august,

og styret er vald fram til årsmøtet i januar 2013.

Eli Johanne Berg, leiar og sekretær, tlf 41681889

Torild Nedreberg, nestleiar og studieleiar

Olaug Nedreberg, kasserar

Kirsti Holen, styremedlem

Åse Holsvik, styremedlem

Else-Marie Kjerstad, varamedlem

Sjå meir info om styremedlemmane på sida "Kontakt"

******************

Nye medlemmer:

Vi ønskjer å bli eit kraftfullt lag, og til det treng vi fleire medlemmer. Vi håpar at DU vil vere med å styrkje husflidsarbeidet og husflidslaget i Stryn kommune, eller vere med som støttemedlem. Vi er få medlemmer og vil gjerne bli fleire :) Vi ønskjer også nye medlemmer frå bygdene omkring. Velkomen til kvinner og menn i alle aldre, også barn og ungdom.

*****************

Dei fleste aktivitetane våre vil vere på Nedrebergtunet, Bergsida i Stryn.

For å vere med på aktivitetane våre treng du ikkje å vere medlem, men som medlem får du litt rabatt på m a kurs og fellesturar. Sjå meir nederst på sida.

Stryn Husflidslag har også ei side på Facebook :)

*******

Stryn husflidslag. Aktivitetsprogram for vaksne, 2012:

Dersom ikkje anna er spesifisert, vil arrangementa vere på Nedrebergtunet.

*** Vi ønskjer å få til studiegrupper, evt nokre korte kurs i løpet av året. Kva ønskjer DU ?

VÅRSEMESTER:

JANUAR:

Onsdag 4. Strikkekafé kl 19.

FEBRUAR:

*Onsdag 1:. Strikkekafé kl 19. Utlodning.

*Torsdag 9.: Årsmøte i Stryn husflidslag kl 18.30. Vanlege årsmøtesaker. Aktivitet: “Englemasker” v/ Åse Holsvik. Utlodning.

MARS:

*Onsdag 7.: Strikkekafé kl 19. Utlodning.

*Torsdag 22.: Temamøte kl 19: PÅSKE.

APRIL:

*Onsdag 11.: Strikkekafé kl 19. Utlodning.

MAI:

*Onsdag 9. : Strikkekafé kl 19, den siste før sommarferien. Utlodning.

JUNI

*Helga 8.- 10. Landsmøte i Førde.

HAUSTSEMESTER:

SEPTEMBER:

*Onsdag 5.: Oppstart Strikkekafé haustsemester kl 19. Utlodning.

*Helga 8.-9.: Husflidsdagen og kulturminnedagen. Tema i år: "FARGE" og "Møteplassar"

OKTOBER

*Onsdag 3.: Strikkekafé. Utlodning.

*Dato ??: Temamøte ? Vi kjem tilbake til dette seinare.

NOVEMBER

*Onsdag 7.: Førjulsmøte: Tema «JUL»

Stad: Nedrebergtunet kl 19. Med husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy. Utlodning.

*Kulturnatt i Stryn??

DESEMBER

*Onsdag 5.: Advents-Strikkekafé. Utlodning. Siste i år.

**********

* "Strikkekafé":

- i skulestova på Nedrebergtunet første eller andre onsdag i månaden. Nokre ganger kombinert med anna innhald. Start kl 19. Ta gjerne med deg eit anna handarbeid om du heller ønskjer det. Dette er sosiale, men sladrefrie møte med rom for alle, der vi kosar oss med kreativt arbeid og snakkar om kjekke ting.

50 kr (- for litt mat og leige av lokale)

>>> Kontaktperson for strikkekaféen er Torild Nedreberg

Datoar for strikkekafè 1. halvår 2012:

- onsdag 4. januar

- onsdag 1. februar

- onsdag 7. mars

- onsdag 11. april

- onsdag 9. mai

***********************

*Ung Husflid:

Vi vil lage til husflidsaktivitetar for barn og unge, med møte ca 2 gangar i halvåret,

Laurdag 3. desember 2011 laga vi til JULEVERKSTAD for barn i alderen 1. - 4. klasse i Nedrebergtunet kl 12-16: 24 barn var med. Dei fekk nålefilte, lage snorer, bake kakemenn og høyre på eventyr. Sjå nettsida til avisa "Fjordingen" (www.fjordingen.no ) for bilder.

>>> Kontaktperson for Ung Husflid er Åse Holsvik.

Vi vil prøve å få til 2 ung husflid-samlingar kvart halvår.

Plan for UNG HUSFLiD-aktivitetar, 2012:

Vårsemester:

*Laurdag 17. mars: Tema : lage hoppetau

*Onsdag 23. mai: Tema: Spikking

*Helga 8. -10. juni er det landsmøtehelg i Førde.

Lokallaga er blitt utfordra til å lage kvar sin stand på «Skywalken» i Førde med Ung husflid-arbeid og ein aktivitet, laurdag 9.juni frå kl 10 - 16. Aktivitet: lage hoppetau.

Vi håpar på at nokre barn med foreldre har lyst til å vere med på dette.

Mht forsikring: Det blir på eige ansvar, dvs at kvart barn må vere forsikra av eigne foreldre/føresette.

Haustsemester:

*Laurdag 8. september:

Husflidsdagen. Vi lagar til husflidsverkstad på Nedrebergtunet.

*Laurdag 24. november:

Juleverkstad.

**********************

*KURS:

Det starta opp eitt kurs hausten 2011.
*Eit 15 timars kurs i Bunadsaum, Nordfjord kvinnebunad.

Kurset går framleis utover vinteren 2012

Kurshaldar: Janna Muller-Planting. Kurset fortset framover vinteren 2012. Kurset strekk seg over 3 laurdagssamlingar á 5 timar (nov, jan og mars. Mykje heimearbeid)

Vel møtt til kjekke aktivitetar i Stryn Husflidslag :)

***********************

Medlemskontingent for 2012 :

Hovudmedlem: Kr.510,- (Inkludert 5 nr av medlemsbladet Norsk Husflid kr. 294,-)
Honnørmedlem/ufør: Kr.340,-
Barn og unge: Kr.100,-
Husstand: Kr.340,-

Medlemskontigenten inkluderer:

  • 5 nr. av bladet Norsk Husflid
  • Tilgang til medlemsidene på www.husflid.no
  • Medlemsbladet fra Sogn og Fjordane Husflidslag
  • 10% rabatt på kurs
  • 10% rabatt på kjøp av varer i Husfliden Bergen og Panduro
  • 10% rabatt på kjøp av ull og garn hos Hillesvåg ullvarefabrikk
  • Rabatt på tur i regi av lokallaget

********************

Ta gjerne kontakt med Eli Johanne Berg i styret om du lurer på noko.
Tlf 41681889,
mail: elijoberg@live.no

Nyhetsarkiv

Husflidsåret 2012:

- sjå meir info om dei ulike arrangementa til venstre på sida her.

**********

***********

Strikkekafé vinter/ vår 2012:

- onsdag 4. januar

- onsdag 1. februar

- onsdag 7. mars

- onsdag 11. april

- onsdag 9. mai

******************