Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget

FYLKESLOTTERIET 2011

Me takkar alle som har kjøpt lodd og dermed støtta arbeidet vårt. Du finn liste over gevinstane og dei heldige vinnarane i denne artikkelen! Fylkeslaget ynskjer også ei riktig god jul og eit godt nytt år.


POPULÆRT JULEKURS

30.september – 2.oktober var det ”jul i alle krokar” på Førde Pensjonat. Bjørg Lundeby og Kari Filberg var på besøk med sitt populære julekurs.


Grasrotandelen

Nyttar du Norsk Tipping?


Spennande kurs i hakking

Sogn og Fjordane Husflidslag inviterer til kurs i hakking 17. og 18. juni i Vadheim. Klikk her for meir info:

Kurs i hakking.pdf 182,62 kB

Årsmøtesamling med variasjonar

Som vanleg baud siste årsmøtesamling på variert innhald. Det kan du lese om her:


Kongens fortenestemedalje til Alvhild

Alvhild Eldal frå Viksdalen er tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for arbeidet med Viksdalsmålinga, og vidareføring av ein verdifull kulturarv, som er kjend og beundra i vide krinsar. Tildelinga fann stad då dama feira 70 år med nære og kjære tilstades.


Fylkeslotteri for Landsmøtet

Sogn og Fjordane Husflidslag har starta lotteri i samband med arrangøroppgåva for Landsmøte i 2012 - og midlane skal gå til førebuingsarbeidet for arrangementet.


Spennande idèmyldring

Landsmøtet 2012 var eit sjølvsagt punkt i programmet under årets fylkesårsmøtet. Idèmyldringa gav godt resultat; deltakarane kosa seg med å finne gode og særmerkte forslag for eit interessant og innbydande Landsmøte i Førde.


Julekurs med Bjørg og Kari

Endeleg har dei to populære damene Bjørg Lundeby og Kari Filberg funne høve til å komme til Sogn og Fjordane. Og det gler fylkeslaget å få by inn til julekurs 30. september til 2. oktober, på Førde Pensjonat i Førde


Vervekampanje

Sogn og Fjordane Husflidslag inviterer lokallagsmedlemmene til å vere med i ei vervekampanje.Den "flinkaste i klassen" vil få ei lita premie. I tillegg ei premie til den deltakaren som vert uttrekt av alle som er med!

Kampanjen startar omgåande – og vert avslutta 1. juni 2012.


Glitrande jubileumsutstilling

25-års jubilanten Eid Husflidslag, som var vertskap for fylkesårsmøtet 2011, inviterte til opning av ei flott jubileumsutstilling i Kulturhuset Gamle Banken på Nordfjordeid.


Fornya tillit til Dagrun Johanne

Dagrun Johanne Hesjevoll held fram som leiar i fylkeslaget. Det gjekk eit samrøystes årsmøte inn for i helga.


Medlemsblad 2010

Sogn og Fjordane sitt medlemsblad for 2010 kan du laste ned her:


Førjulskos i oktober

Innhaldet for årets medarbeidarsamling på Quality Hotel Florø 1. - 3. oktober er i boks: Organisasjonskurs, fletta band og juleverkstad er tema å velje mellom. I tillegg vert det utstilling med gamle og nye juleting, så stemning av jul kan opplevast allereie i oktober.


Landsmøte 2012 - ei spennande utfordring

Då er det klart: Sogn og Fjordane Husflidslag har fått tildelt æra av å vere vertskap for neste Landsmøte – om 2 år i Førde.

Det vil då vere 26 år sidan sist - og vi gler oss til utfordringane i eit godt stemne med gode og minnerike opplevingar.


Medarbeidarsamling i Florø

Helga 1. – 3. oktober er det duka for spennande medarbeidarsamling på Quality Hotel Florø. Ingrediensane er minst 4 kurs å velje mellom, utflukt, kulturinnslag, inspirasjon og nyttige samtalar.


Åshild ny studieleiar

Åshild Dombestein er valt til ny studieleiar etter Marianne Nesse, som ikkje ønskte attval ved siste årsmøte. Norunn Befring Hjellbrekke held fram som nestleiar.


Mana til vedtaksoppfølging

Husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy gjorde som vanleg ein god jobb under fylkeårsmøtet. I tillegg til å gi ein fyldig presentasjon av Ung Husflid, sette ho søkelyset på viktigheita av å følgje opp årsmøtevedtak ein går inn for – som blant anna deltaking på planlagde arrangement i fylkeslaget sin regi.


Fråsegn

Årsmøtet 2010 samla seg om følgjande fråsegn, som er sendt kulturpolitikarane og alle avisene i fylket vårt:

VIL AT FYLKESPOLITIKARANE SKAL FÅ KALDE FØTTER!

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Husflidslag er særs uroa for økonomien i dei frivillige organisasjonane, særleg innafor kulturlivet. Sogn og Fjordane Husflidslag hadde tenkt å sende varme, heimestrikka tøflar til alle fylkeskulturpolitikarane i samband med at Norges Husflidslag feirar 100-års jubileum i år. Dette vil vi no vente med til vi har sett tildelinga av kulturmidlar for 2010.


Besøk av Marit

Administrerande direktør Marit Jacobsen takka ja til invitasjonen om å delta på fylkesårsmøtet i Sogndal. Og det sette alle pris på!

Forutan å informere om ulikt i organisasjonen, oppmoda ho årsmøtelyden om å setje fokus på tilskota til frivillige organisasjonar, og særleg dei innanfor kulturlivet.


Årsmøte med variasjonar

Då er årsmøtet 2010 historie! Det tre dagar lange årsmøtearrangementet samla rundt 25 personar på Quality Hotel Sogndal i Sogndal. Og med ingrediensar som 100-års aktivitet, vandring i Sogne-bygda og andre spennande og nyttige innslag, svara helga til forventningane i følgje evalueringa.


Held fram i leiarstolen

Dagrun Johanne Hesjevoll fortset som leiar i fylkeslaget. Det gjekk eit samrøystes årsmøte inn for i helga.

Ny i styret er Marit Andersen frå Midtre Sunnfjord Husflidslag. Ho kom inn i staden for Marianne Nesse, Årdal Husflidslag, som hadde takka nei til attval. Åshild Dombestein, Davik og omegn Husflidslag, takka ja til to nye år som styremedlem.


Aktivitetsstipend til Guro og Marit

Guro Andersen Hundvebakke og Marit Andersen, Førde, er tildelt fylkeslaget sitt aktivitetsstipend 2009 for si deltaking på Nordisk Husflidsleir i Danmark i fjor sommar. Dei hadde ein fantastisk tur og eit spennande og inspirerande opphald, som dei har hatt svært stor glede og nytte av til no.


Til glede for 100-årsjubilanten …

Fylkeslaget har konkrete planar og oppmodar lokallaga til å vere med på markeringa av NH sine 100 år med aktivitetar i sine lag/nærområde og med tiltak som kjem frå NH og SFH. Og gjerne med eigne idear og aktivitetar. Husfliden må gjerne vere synleg i heile jubileumsåret!


Årsmøte 2010

Sogndal og Quality Hotel Sogndal er møtestaden for kommande fylkesårsmøte, som vert halde fredag 5. til søndag 7. mars.


Marit tok dobbel pris

Marit Andersen frå Førde og Midtre Sunnfjord Husflidslag tok både 1. og 2. premie i produktkonkurransen ”Kvardagsglede”, som fylkeslaget arrangerte i samband med laget sine 40 år i 2009.


Medlemsblad 2009

Her kan du lese om mykje av det som gjekk føre seg i fylket vårt i 2009!

» Last ned bladet som pdf (NB! Stor fil!)


Kvardagsglede - Produktkonkurranse 2009

Sogn og Fjordane Husflidslag inviterer medlemmer til ein konkurranse der tema er produkt berekna på kvardagsbruk, under tittelen ”Kvardagsglede”. Konkurransen rettar seg mot lokallagsmedlemmer og handverkarar, som jobbar med redesign/gjenbruk og forankring i dei lokale tradisjonane våre. Det er ikkje noko avgrensing i kva type materiale du kan bruke.

 


Medarbeidarsamling haust '09

Fylkeslaget legg opp til å arrangere medarbeidarsamling 25. – 27. september. Samlinga vert i Sogn – men kvar er ikkje heilt avklara enno.

 


Dagrun Johanne held fram

Dagrun Johanne Hesjevoll frå Jostedal held fram som leiar i fylkeslaget. Det vedtok eit samrøystes årsmøte nyleg. Også styremedlemmene Norunn Befring Hjellbrekke og Britt Midtbø, og 1. varamedlem Ragnhild Hukset fekk fornya tillit.

 


Gull til Bjørg

Bjørg G. Hovland frå Luster er tildelt Norges Husflidslag si ”Gullnål med Diplom”. Utmerkinga fann stad under 40-års markeringa og årsmøtet til Sogn og Fjordane Husflidslag.

 


Flott 40-års markering

Rundt 50 personar var med og feira Sogn og Fjordane Husflidslag (SFH) sine 40 år – i Firdasalen på Quality Hotel Førde. Fine programinnslag og gåvedryss i lag med ei utstilling, som viste jubilanten sine år i produkt, ord og bilete, skapte fin stemning og gledde årsmøtedeltakarar og gjester som deltok.

 


Medlemsblad 2008

Medlemsbladet for 2008 finn du no her.


Medlemsblad 2007

Medlemsbladet for 2007 er lagt ut i pdf i "Katalog"-mappa i menyen til venstre


Årsmeldinga

Årsmeldinga for 2007 er lagt ut. (Sjå under årsmelding i menyen til venstre)