Årsmøte med variasjonar
Då er årsmøtet 2010 historie! Det tre dagar lange årsmøtearrangementet samla rundt 25 personar på Quality Hotel Sogndal i Sogndal. Og med ingrediensar som 100-års aktivitet, vandring i Sogne-bygda og andre spennande og nyttige innslag, svara helga til forventningane i følgje evalueringa.
Samlinga opna med middag fredag kveld. Rundt kl. 20.30 ønskte leiaren, Dagrun Johanne Hesjevoll, deltakarane velkommen til årsmøtesamlinga.
På agendaen for kvelden var 100-års aktivitet; tøflar og hjarte – under leiing av styremedlemmene Marianne Nesse og Åshild Dombestein.
Leiaren forklarte innleiingsvis om tanken bak desse aktivitetane:
- Varme, tova tøflar til fylkeskulturkontoret – eit styreprosjekt
- Hjarte; i alle variantar tekstil eller tre – aktivitetsforslag til lokallaga; gi hjarte til sjukehusa våre med tanke på ”Barn gleder barn”
Deltakarane kosa seg med aktivitetane, prata og vart kjende med andre deltakarar. Metervis av ”tøflelappar” og mange, fine hjarte vart produserte.
Etter ein lang og god frukost laurdag morgon, fekk deltakarane fortsetje der dei slapp fredag kveld. Og det vart ein fin føremiddag med 100-års aktivitetane.
Etter ein etterlengta føremiddagskaffi - med kake, is, frukt, var det duka for vandring i ”Fjøra” – og med besøk i ”Galleri krydder”. Ein spennande butikk med produkt i ymse variantar; glas, keramikk, smykke, tekstilar med meir.
Tilbake til hotellet fekk forsamlinga servert - i ord og bilete - Marit Andersen og dottera Guro Andersen Hundvebakke sine opplevingar på Nordisk Husflidsleir i Skjern, Danmark, sist sommar. Denne leiren, som i år skal arrangerast i Norge og Skiringssal Folkehøyskole i Sandefjord 4. – 10. juli, har eit flott og spennande tilbod for alle; born, foreldre og besteforeldre.
Etter lunsj var det duka for årsmøtesakene – med administrerande direktør i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen, tilstades.
Laurdagskvelden var det festmiddag inkludert flott underhaldning av 13 år gamle Mathilde Skjæret på fele og læraren hennar, Harald Hesjevoll, på trekkspel.
Til kaffien vart det servert nydeleg marsipankake, ei helsing frå 100-års jubilanten Norges Husflidslag.
Kvelden vart avslutta med lotteri og sosialt samvær i salongen, der det også var høve til ein svingom for dei som ønskte det.
På biletet:
Tøflar skal det bli:Inger Johanne Sande (t.v)( Davik og omegn Husflidslag), Solveig Lie, Else Terum, Ingrid Skjerven (Aurland Husflidslag).Sigrid Grov (bak t.v) og Ellen Skaug Døskeland (Midtre Sunnfjord Husflidslag)