Åshild ny studieleiar
Åshild Dombestein er valt til ny studieleiar etter Marianne Nesse, som ikkje ønskte attval ved siste årsmøte. Norunn Befring Hjellbrekke held fram som nestleiar.
I konstitueringa av styret vart Åshild Dombestein valt som studieleiar inneverande år. Dombestein, som kjem frå Davik og omegn Husflidslag, tok attval for 2 nye år i styret. Norunn Befring Hjellbrekke, frå Midtre Sunnfjord Husflidslag, sa seg villig til å halde fram som nestleiar.
Etter konstitueringa er fylkesstyret slik samansett:
Leiar: Dagrun Johanne Hesjevoll (Luster)
Nestleiar: Norunn Befring Hjellbrekke (Midtre Sunnfjord)
Studieleiar: Åshild Dombestein (Davik og omegn)
Styremedlem: Britt Midtbø (Davik og omegn)
Styremedlem: Marit Andersen (Midtre Sunnfjord)
1. vara: Ragnhild Hukset (Midtre Sunnfjord)
2. vara: Bodil Johnson (Eid)
3. vara: Torill Bruvik (Aurland)