Du er her: Husflid.no / Husflidsnett / Fylkeslag / Sogn og Fjordane Husflidslag / Nytt frå Fylkeslaget / Aktivitetsstipend til Guro og Marit

Aktivitetsstipend til Guro og Marit

Aktivitetsstipend til Guro og Marit

Guro Andersen Hundvebakke og Marit Andersen, Førde, er tildelt fylkeslaget sitt aktivitetsstipend 2009 for si deltaking på Nordisk Husflidsleir i Danmark i fjor sommar. Dei hadde ein fantastisk tur og eit spennande og inspirerande opphald, som dei har hatt svært stor glede og nytte av til no.

Fylkesårsmøtet 2009 vedtok at aktivitetsstipendet 2009 på kr. 4 000 skulle øyremerkast deltakarar på Nordisk Husflidsleir, som dette året skulle gå av stabelen 28. juni til 4. juli i Skjern, Danmark. Marit Andersen og dotter Guro Andersen Hundvebakke tok utfordringa - og melde seg på. Og dei fekk ei ugløymeleg veke med aktivitetane gummi, gjenbruk og brodericollage.

I ei ”takk for stipendet helsing” til styret seier dei to følgjande:
”Vi har fortsett å jobbe med vår nye kunnskap. Marit har fått god respons på både vesker og englar, og har mange nye idèar til vidare bruk av gummi som materiale. 1. og 2. premie i Produktkonkurransen var utruleg kjekt å få. Guro har òg fortsett med det ho lærte, og kunne stolt konstatere at veska hennar - med sommarfugl - gjekk vidare til fylkesfinalen i UKM sist helg”.

 

I medlemsbladet 2009 kan du lese om korleis dei hadde det på leiren, som i 2010 er lagt til Skirringssal folkehøyskole i Sandefjord.

Bildet: Marit og Guro hadde ei ugløymeleg husflidsveke i Skjern, Danmark, og dei oppfordrar andre til å delta på Nordisk Husflidsleir.